Hopp til innhald
Oppgåve

Stell av føter

Godt stell av føtene er viktig for god fothelse og for å førebyggje plager og ubehag. Nokre menneske går jamleg til fotterapeuten for behandling eller pleie av føtene, medan andre helst overser føtene eller unngår stell av dei.

Oppgåver

  1. Kva trur du er grunnen til at mange opplever føter som veldig private?
  2. Gjer ei spørjeundersøking blant medelevar, og lag eit diagram som viser:

    1. Kor mange har vore hos fotterapeut?
    2. Kor mange kan tenkje seg å prøve det?
    3. Kor mange synest det er godt å få føtene sine stelte av nokon andre?
    4. Kor mange liker ikkje å få stelt føtene av andre?
  3. Finn ut kor mange fotterapeutar som jobbar i kommunen eller bydelen din.

    1. Kva behandlingar tilbyr dei?
    2. Kor mange tilbyr behandling heime hos kundar eller på institusjonar?
CC BY-SA 4.0Skrive av Vigdis Haugan, Trine Merethe Paulsen og Guri Bente Hårberg.
Sist fagleg oppdatert 25.05.2020