Hopp til innhald
Film og filmklipp

Fotterapeut

Fotterapeuten arbeider med å førebyggje og behandle plager i føtene. I denne filmen kan du lære om utdanningsløp, arbeidsoppgåver og kva for eigenskapar ein treng for å jobbe som fotterapeut.
Video: Jarle Sten Olsen / CC BY-SA 4.0

Fotterapeuten kan jobbe både i den offentlege helsetenesta, innan idrett og på private klinikkar. I tillegg til ordinær fotpleie kan fotterapeuten drive med biomekanisk terapi der vurdering av fottøy og gangmønster blir brukt til behandling av problem i fot, kne, hofter og rygg.

Utfordringar til deg

Sjå filmen og bruk lenkene under til å svare på desse spørsmåla:

  1. Korleis er det ordinære utdanningsløpet for å bli fotterapeut?
  2. Kva eigenskapar er naudsynte i dette yrket?
  3. Kva er vanlege arbeidsoppgåver for ein fotterapeut, og kva er biomekanisk terapi?
  4. Kva moglege arbeidsstader kan du finne for ein fotterapeut?
  5. Kvifor er det viktig med ergonomi i jobben som fotterapeut?

Relatert innhald

CC BY-SA 4.0Skrive av Vigdis Haugan.
Sist fagleg oppdatert 12.12.2019