Hopp til innhald

Fagstoff

Talet π

Forholdet mellom omkrinsen og diameteren av ein sirkel er konstant. Forholdstalet kallast pi, og som symbol brukar ein den greske bokstaven π.
Planetar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Sirkelen med si perfekte form, solas og månens form, har fascinert matematikarar, astronomar og filosofar i tusenvis av år.

Det finst eit bestemt forhold mellom omkrinsen og diameteren av ein sirkel. Oppdaginga av, og jakta på dette forholdstalet, som har fått nemninga π, er kanskje den enkeltsaka som har opptatt flest matematikarar gjennom tidene.

Til vanleg runder vi av talet til 3,14. Men jakta på desimalar i talet π går for fullt. Etter «Illustrert Vitenskap» for mars 2012 har Shigeru Kondo og Alexander Yee no klart, etter eitt års rekning, å bestemme ti billionar desimalar.

Ein japanar lærte seg 100 000 desimalar utanåt. Han måtte bruke 16 timar for å seie dei fram.

Omkrinsen av ein sirkel er lik diameteren multiplisert med talet π.

O=π·d

CC BY-SASkrive av Olav Kristensen og Stein Aanensen.
Sist fagleg oppdatert 12.09.2018

Læringsressursar

Mangekantar og sirklar