Hopp til innhald

Fagstoff

Sirklar

Ein sirkel består av samlinga av alle punkt som ligg i ein bestemt avstand frå eit gitt punkt, sentrum i sirkelen.
Hund som hoppar igjennom ein ring. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Sirkelen dannar, på same måte som ein mangekant, ei lukka kurve som deler planet i to delar, eit indre område og eit ytre område. Nokre gonger meiner vi heile det indre sirkelområdet når vi talar om sirkelen. Vi seier til dømes arealet av ein sirkel og meiner arealet av det indre sirkelområdet.

Ein radius er eit linjestykke frå sentrum til eit punkt på sirkelen.
Ein sektor er del av sirkelområdet avgrensa av to radiar.
Ein korde er eit linjestykke mellom to punkt på sirkelen.
Ein diameter er ein korde som går gjennom sentrum i sirkelen.
Ein sekant er ei linje som skjer sirkelen i to punkt.
Ein tangent er ei linje som skjer sirkelen i eitt punkt.

CC BY-SASkrive av Olav Kristensen og Stein Aanensen.
Sist fagleg oppdatert 12.09.2018

Læringsressursar

Mangekantar og sirklar