Hopp til innhald

Fagstoff

Fall

Skal du legge avløpsrøyr, må du passe på at røyra har nok fall.

Fall

Sluk og avløpsrøyr i golv før støyp. Foto.

Biletet over viser sluk og for spillvatn under grunnmuren i eit hus. Leidningar for spillvatn kallar vi til vanleg avløpsrøyr.

Avløpsrøyra må ha eit fall eller ei helling slik at spillvatnet kan renne ut av huset. Ein regel er at fallet minimum skal vere 1 : 60.

🤔 Tenk over: Kva betyr dette?

Eit fall skrive på denne måten betyr at forholdet mellom høgdeforskjellen mellom dei to endane på eit avløpsrøyr og den vassrette lengda langs avløpsrøyret skal vere 160=0,016 7=1,67 %. Hugs at eit kolon (:) er eit delingsteikn.

  • Fallet skrive som eit forhold er 1 : 60.

  • Fallet skrive som eit desimaltal er 0,016 7.

  • Fallet skrive som ein prosent er 1,67 %.

  • Vi kan òg seie det slik: Eit fall på 1 : 60 betyr at det skal vere ein høgdeforskjell på 1 cm for kvar 60 cm røyr i vassrett retning.

Døme: Rekne ut fallet på eit røyr

Skissa viser eit avløpsrøyr som er lagt slik at høgdeforskjellen mellom endane på røyret er 40 mm. Den vassrette avstanden mellom røyrendane er 1 800 mm.

Eit avløpsrøyr er lagt med fall slik at den vassrette avstanden mellom røyropningane er 1800 mm og den loddrette avstanden er 40 mm. Illustrasjon.

Er røyret lagt med nok fall?

Vi ønsker å finne ut om røyret er lagt med nok fall etter forskrifta. Då reknar vi ut forholdet mellom høgdeforskjellen og avstanden i vassrett retning.

401 800=0,022 2=2,22 %

🤔 Tenk over: Korleis kan vi avgjere om dette er eit større eller mindre fall enn 1 : 60?

Forklaring

Eit fall på 1 : 60 vil seie at fallet er 0,016 7. Talet 0,022 2 er større enn 0,016 7. Fallet er derfor større enn minstekravet, så dette røyret er lagt med nok fall.

Kor stort er fallet på røyret skrive som eit forhold?

Korleis kan vi skrive fallet på dette røyret med kolon? Det enklaste er å setje opp forholdet med dei tala som er gitt: Fallet er 40 : 1 800.

🤔 Tenk over: Kva betyr dette resultatet sagt med ord?

Resultat sagt med ord

For kvar 1 800 mm er høgdeforskjellen 40 mm.

Ofte liker vi å skrive fallet med talet 1 først (1 : ...). Då må vi finne ut kva den vassrette lengda skal vere for kvar mm høgdeforskjell. På 40 mm høgdeforskjell er den vassrette lengda 1 800 mm. På 1 mm høgdeforskjell må vi dele lengda på 1 800 mm på 40 for å finne den vassrette lengda.

1 800 mm40=45 mm

Då er fallet på røyret 1 : 45.

Vi kan alternativt tenke oss at vi lagar brøken 401 800 av høgde- og lengdeforskjellen. Så forkortar vi brøken slik at vi får 1 i teljaren (øvst):

401 800=40:401 800:40=145

Legg merke til at eit fall på 1 : 45 er større enn eit fall på 1 : 60 sjølv om talet 45 er mindre enn 60. Årsaka til det er at 145 er større enn 160.

Døme: Berekne høgdeforskjell

Du skal legge avløpsrøyr i ei lengde på 2 400 mm. Kva må høgdeforskjellen mellom røyrendane minst vere for å oppfylle forskrifta om eit fall på minst 1 : 60?

Eit avløpsrøyr er lagt med fall slik at den vassrette avstanden mellom røyropningane er 2400 mm. Den loddrette avstanden er ukjend. Illustrasjon.

Vi reknar ut kva høgdeforskjellen må vere for at fallet skal vere 1 : 60. Vi kan tenke slik: På 60 cm er høgdeforskjellen 1 cm. Vi må finne ut kor mange "60 cm" det er plass til på 240 cm, eller sagt med andre ord: kor mange gonger 60 går opp i 240.

240 cm60 cm=4

Høgdeforskjellen må minimum vere 4 cm for at fallet skal vere stort nok.

Rask kontroll av fallet på eit røyr med 60 cm-vater

Dersom du legg eit 60 cm-vater på røyret som skal kontrollerast, skal den lågaste enden av vateret kunne hevast minimum 1 cm og vere i vater for at fallet skal vere stort nok. Det kan du få til ved til dømes å legge ein finger under den lågaste enden av vateret, som demonstrert på biletet nedanfor. Fingeren din er som regel litt meir enn 1 cm i diameter.

Ein person har lagt eit vater ned på eit avløpsrøyr og har lagt peikefingeren imellom vateret og røyret i den låge enden av vateret. Foto.

🤔 Tenk over: Kva for ende av røyret på biletet er den lågaste enden?

Den lågaste enden

Sidan vateret er løfta opp på venstre side for å kompensere for fallet på røyret, er den venstre enden av røyret lågast.

🤔 Tenk over: Kva for ei av avlesingane på vateret viser at det er nok fall på avløpsrøyret i dømet over?

Avlesing av vater der vaterbobla er til venstre for området mellom strekane. Foto.
Avlesing av vater der vaterbobla er til høgre for området mellom strekane. Foto.
Vateravlesing

Når vateret ligg rett på røyret (utan finger imellom), vil bobla bli forskyvd mot høgre. Når fingeren blir lagt imellom, kan bobla maksimalt flyttast til mellom strekane (i vater) for at fallet skal vere stort nok. Dersom ho blir forskyvd over på den andre sida (mot venstre), betyr det at fingeren meir enn opphevar fallet på røyret, og då har ikkje røyret nok fall.

Derfor er det avlesinga på biletet til høgre som viser at røyret har nok fall sidan tjukkleiken på fingeren ikkje var nok til å oppheve fallet på røyret.

Relatert innhald

I dette arbeidsoppdraget skal du leggje botnleidning for spillvatn frå eit hus. Det blir gjort på byggetomta før ein støyper golv på grunnen.

CC BY-SASkrive av Bjarne Skurdal og Marie Vaterland Øyen.
Sist fagleg oppdatert 04.06.2024

Læringsressursar

Trigonometri