Priskalkylar – har du forstått omgrepa?
Her kan du vise at du har forstått fagomgrepa som blir brukte i temaet priskalkylar.
Oppgåve 1. Kostnader
- Forklar omgrepet kostnad.
- Kva meiner vi med direkte og indirekte kostnader? Bruk ein guida fjelltur eller ei handverksteneste som døme for å forklare kva for nokre direkte og indirekte kostnader som kan oppstå.
Oppgåve 2. Prissetjing
- Kva forhold må vi ta omsyn til når vi fastset pris?
- Kva kallar vi dei tre ulike metodane for å fastsetje pris?
Oppgåve 3. Kalkylar
- Forklar korleis du kalkulerer eit produkt etter sjølvkostmetoden.
- Forklar omgrepet dekningsbidrag.
- Forklar korleis du kan bruke bidragsmetoden.
- I kva situasjonar er det formålstenleg å bruke bidragsmetoden?
- Forklar omgrepet avanse.
- Kva er forskjellen på avanse og dekningsbidrag?
- Kva går påslagsmetoden ut på?
- Kva dekkjer påslaget i påslagsmetoden?
- Kva trur du er grunnen til at butikkar ofte bruker påslagsmetoden når dei fastset prisen?
Oppgåve 4. Prisdifferensiering
- Kva blir meint med prisdifferensiering?
- Nemn døme på kriterium som bedrifter kan bruke i prisdifferensieringa.
- Kva er grunnane til at bedrifter prisdifferensierer?
CC BY-NC-SASkrive av Steinar Madsen og Tone Hadler-Olsen.
Sist fagleg oppdatert 28.01.2020