Hopp til innhald

Fagstoff

Sjølvkostkalkyle i ei produksjonsbedrift

For å berekne salsprisen på eit produkt kan vi setje opp ein sjølvkostkalkyle. Målet er å finne ein pris som dekkjer dei aktuelle kostnadene og gir oss forteneste.

Kva er ein sjølvkostkalkyle?

Ein sjølvkostkalkyle gir ei oversikt over kva det kostar å produsere eit produkt, kva forteneste produktet skal gi, og kva salspris produktet bør få.

I videoen om familiebedrifta Den blinde ku, som produserer og sel ostar, ser vi korleis dei set opp sin sjølvkostkalkyle. I kalkylen tek dei utgangspunkt i alle kostnadene ved produktet. Både direkte og indirekte kostnader må dekkjast. I tillegg legg dei til ei forteneste når dei skal finne utsalsprisen.

Hos Den blinde ku utgjer dei indirekte kostnadene mellom anna mjølk og andre innsatsfaktorar, voks og innpakningspapir. Straum, husleige og løn til dei tilsette er nokre av dei indirekte kostnadene. Dette er kostnader som ikkje kan knytast direkte til produksjonen av ein bestemd ost.

For bedrifter som skal selje produkt, er det avgjerande å tener pengar. Prisar vi produkta våre på ein måte som ikkje dekkjer kostnadene våre, vil vi fort bli nøydde til å leggje ned bedrifta. I verste fall går vi konkurs.

Sjølvkostkalkyle for den blinde ku

Kalkulasjon

Kostnader

Direkte kostnader

mjølk

andre innsatsvarer
voks
innpakkingspapir
bereposar
utstyr og maskinar til å produsere ostane
frakt av varer til butikkane

+ indirekte kostnader

straum

husleige
løn til tilsette

= sjølvkost

+ forteneste

= salspris utan meirverdiavgift

+ meirverdiavgift

= salspris med meirverdiavgift

Fagomgrep
Direkte kostnader
er kostnader som er direkte knytte til produksjonen eller salet av eit bestemt produkt.
Indirekte kostnader
er generelle kostnader hos bedrifta som ikkje kan knytast direkte til produksjonen eller salet av eit bestemt produkt.
Produksjonsbedrift
er ei bedrift som produserer og sel varer.
Sjølvkostkalkyle
er ein kalkyle som tek med alle kostnadene, både dei direkte og dei indirekte, i tillegg til ei forteneste.
CC BY-SASkrive av Steinar Madsen, Kyrre Romuld og Tone Hadler-Olsen.
Sist fagleg oppdatert 18.01.2020

Læringsressursar

Priskalkulering og anbod