Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Forsøk: Galvaniske element

Du skal sette saman og måle spenninga på nokre galvaniske element.
Skjematisk oppstilling av utstyr til galvanisk element. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Framgangsmåte

Versjon 1

Vi kan lage eit galvanisk element av ein koparelektrode og eit ca. 10 cm langt magnesiumband, med koparsulfat som elektrolytt.
Det kan lønne seg å pusse begge elektrodane med sandpapir før bruk.

Brett magnesiumbandet til ein flat bunt og kopl det til ein leidning med ei krokodilleklemme.Kopl eit voltmeter til elektrodane og les av spenninga.

  • Kor høg er spenninga?
  • Kva for ein elektrode er positiv, og kva for ein er negativ?
  • Prøv om det galvaniske elementet kan få ei lyspære (som dreg lite straum) til å lyse.

Versjon 2

Lag eit galvanisk element med ein kopar- og ein sinkelektrode som du stikk inn i ein sitron (eller tilsvarande).

  • Kva blir spenninga?

Versjon 3

Lag til sist eit galvanisk element med ein karbon- og ein sinkelektrode i ein løysning av ammoniumklorid.

  • Kva blir spenninga?
  • Kva for ein elektrode er positiv, og kva for ein er negativ?
  • Kva slags type batteri er dette eit eksempel på?
CC BY-NC-SASkrive av Nils H. Fløttre. Rettshavar: NKI Forlaget
Sist fagleg oppdatert 31.10.2018

Læringsressursar

Energi og berekraft