Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Biodiesel – bløff eller berekraft?

Gå inn i rolla som kritisk journalist og lag ein reportasje om biodiesel. Arbeidstittelen er "Biodiesel – bløff eller berekraft?"
Kvinnelig reporter foran kamera. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Bakgrunn – biodiesel

Biodiesel har blitt lansert som ein del av løysinga på klimakrisa. Ved å lage diesel av planteoljer, bidreg ein berre til CO2-utslipp som går inn som ein del av det naturlege karbon-kretsløpet, blir det hevda. Men er dette heile sanninga? Bruk evnene dine som kritisk og gravande journalist til å sette søkelyset på biodiesel. Er det ein bløff, eller det verkeleg ein bærekraftig energiberar?

Oppdrag

Du jobbar som journalist i den litt tabloide nyheitsredaksjonen hos Nyheitskanalen. På morgonmøtet får du i oppdrag å lage eit innslag om biodiesel til sendinga same kveld. Arbeidstittelen er "Biodiesel– bløff eller berekraft?".

Lag eit TV-innslag på omtrent to minutt der du får fram både fordelar og ulemper ved bruk av biodiesel. Film med mobiltelefonen. For å få fram ulike sider ved saken, kan det vere en idé å la pinnedokker spele ulike roller. Still kritiske spørsmål for å belyse saken. For å få passande miljø, skriv ut bilete og bruk desse som bakgrunn.

Elever filmer pinnedukker med mobiltelefon. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Forslag til persongalleri:

  • jordbrukar frå for eksempel Brasil
  • kommunikasjonsansvarleg for drivstoffkjede
  • småbarnsforelder som køyrer dieselbil
  • forskar
  • skogbrukar i Norge
  • astmatikar som bur i by
  • politikar

Skriv ut biletet, lim på kartong, klipp ut og fest grillspyd til personane med teip.

CC BY-SASkrive av Thomas Bedin.
Sist fagleg oppdatert 04.09.2018

Læringsressursar

Energi og berekraft