Hopp til innhald

Fagstoff

Hva er energi?

Energi er det som får noko til å skje. Det finst mange former for energi. Nokre former kan blir omdanna til andre former eller overførast til menneske og gjenstandar. Kvar kjem energien frå, og korleis kan vi omdanne han slik at han blir nyttig for oss?

Lastebil med kran som løftar røyr. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Energi får noko til å skje

Energi er det som får noko til å skje: Når du skrur på telefonen, vil energi frå batteriet gjere at du kan sende meldingar med han. Når du slår på lyset, gir elektrisk energi lys og varme, og energien i maten du et, gir deg energi til alt du gjer i løpet av ein dag.

Kvar kjem energien frå?

Det meste av energien på jorda kjem opphavleg frå sola. Gjennom fotosyntesen lagrar planter energien i sollyset som glukose. Når vi et glukose, blir energien frigitt og kan brukast til til dømes rørsle. Energien vi får frå olje og gass, stammar frå sollys som vart lagra for fleire hundre millionar år sidan. Vi kan òg utnytte energien frå sollyset meir direkte ved å lage elektrisitet i solceller eller ved å varme opp vatn i solfangarar.

Kjerneenergi er ein type energi som ikkje kjem frå sola. Denne energien kjem frå ustabile atomkjernar. Når desse blir spalta djupt nede i jorda, kan energien lagrast som varme i jordskorpa.

Vindturbinar til havs. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Energikjelder

Det vi kan hauste energi frå, kallar vi energikjelder. Med energikjelde meiner vi energi som finst naturleg, som sol-, vind- og vassenergi, oljelager under havbotnen og kjerneenergi.

Tenk gjennom

  • Korleis kan energi lagrast i kjemiske stoff?

  • Korleis kan denne energien frigjerast igjen når vi har bruk for han?

Energiformer

Rørsleenergi (kinetisk energi)

Energien som ein gjenstand har på grunn av farten sin, kallar vi rørsleenergi eller kinetisk energi. Ein sykkel bevegar seg fordi vi tilfører energi når vi trør på pedalane. Eit anna døme er når lufta blir sett i rørsle når vi set på ei vifte i eit rom.

Mann med treningsklede og hjelm på sykkel. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Potensiell energi (stillingsenergi)

Potensiell energi er energi som potensielt kan frigjerast og gå over til andre energiformer. Eit døme er vatn som er demt opp bak ein demning. Når vatnet i demninga blir sleppt ned i røyra ned mot energiverket, blir den potensielle energien frigjord, og han går over til rørsleenergi.

Andre døme på potensiell energi kan vere du som står på kanten av eit stupebrett, eller den kjemiske energien som ligg lagra i mat eller i batteri.

For å lettare kunne hugse kva potensiell energi er, kan du tenke på at dette er energi som ligg lagra og potensielt kan brukast til noko, på eit seinare tidspunkt.

Ein syklist syklar over eit bratt fjell. To skalaer viser andelen stillingsenergi og rørsleenergi undervegs. Før fjellet er det noko rørsleenergi, på veg opp er det meir av både stillings- og rørsleenergi, på toppen er det nesten berre stillingsenergi, på veg ned er det både stillings- og rørsleenergi. Ved foten av fjellet ligg sykkelen i vêret, og det er verken stillings- eller rørsleenergi. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Andre former for energi

Du har sikkert høyrt om mange andre former for energi òg. Dei fleste energiformer kan vi klassifisere som anten rørsleenergi eller stillingsenergi eller ein kombinasjon av desse to.

Ulike former for energi

Energiform

Kva er det?

elektrisk energienergi som kjem av elektriske ladningar som bevegar seg, og stillinga ladningane har seg imellom
strålingsenergipotensiell energi som kan spreiast ved til dømes lys
kjemisk energipotensiell energi som kjem av kjemiske bindingar
termisk energi (varmeenergi)energi som kjem av rørslene til molekyl
lydenergitrykkbølger i luft som får molekyla i lufta til å bevege seg
mekanisk energikombinasjon av rørsleenergi og potensiell energi
Tankekart med energiformer som sentralt omgrep og følgande energiformer: elektrisk energi, strålingsenergi, kjemisk energi, termisk energi, lydenergi, mekanisk energi. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Energi er konstant

Energi kan ikkje oppstå eller forsvinne, han kan berre gå over i andre former. Det betyr at den totale mengda energi er den same heile tida. Dette høyrest litt rart ut, vi har jo alle opplevde at vi ikkje har straum på telefonen, og det verkar dermed som om den elektriske energien har forsvunne. Det har han ikkje! Han har rett og slett gått over til andre former for energi: varmeenergi og lysenergi.

Tenk gjennom

Viss energi ikkje kan forsvinne eller stå opp igjen, kvifor er det då nokon vits i å spare på han?

Energikjeder – frå ei energiform til ei anna

Ei energikjede er ei oversikt over korleis energi blir overført frå ein gjenstand til ein annan, frå ei energikjelde og heilt til noko som får energien. Det at ein type energi går over frå ei form til ei anna, kallar vi ein energiovergang.

Energikjelder kopla saman med pilar til energikjede: lysenergi frå sola, kjemisk energi frå matvarer og mekanisk energi hos ein syklist. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Film og oppgåver

Sjå filmen, og svar på oppgåvene etterpå

Oppgåver til filmen

  1. Kva er energiprinsippet?

  2. Kva energiformer blir omtalte i filmen?

  3. Forklar korleis vassenergi kan vere både potensiell energi og rørsleenergi.

  4. Lag ei energikjede med utgangspunkt i situasjonen i filmen.

Omgrep

Energi
er det som får noko til å skje.
Energikjelde
er noko vi kan hauste energi frå.
Stillingsenergi (potensiell energi)
er energi ein gjenstand har på grunn av stillinga/posisjonen sin.
Rørsleenergi (kinetisk energi)
er den energien ein gjenstand har på grunn av farten sin.
Energikjede
er ei oversikt over korleis energi blir overført frå ein gjenstand til ein annan.
Energiovergang
er når energi går over frå ei form til ei anna.
Kjelder

Bøe, M. V. (2022, 16. desember). Energi. I Store norske leksikon. https://snl.no/energi

Hofstad, K. (2023, 25. januar). Energiform. I Store norske leksikon. https://snl.no/energiform

CC BY-SASkrive av Thomas Bedin.
Sist fagleg oppdatert 30.11.2023

Læringsressursar

Energi og bruk