Hopp til innhald

Fagstoff

Utforsking i teknologi- og industrifag

I naturfag skal du utforske ei problemstilling knytt til teknologi- og industrifag. Lag ei problemstilling, gjer undersøkingar, og presenter det du har funne ut.
Elev som arbeider ved ein dreiebenk. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Finn ut saman kva de skal utforske

Det er vel mest spennande å utforske noko du eller de i klassen sjølv har lyst til å finne ut? Når de skal finne ei problemstilling sjølv, er det lurt å bruke god tid på å finne ut kva denne problemstillinga skal vere.

Slik kan du jobbe utforskande

Denne sida gir deg tips til korleis du kan kome i gang med utforsking, og korleis du kan leggje opp arbeidet.

Ta utgangspunkt i viktige tema i teknologi- og industrifag

Lag ei problemstilling som tek utgangspunkt i sentrale tema i teknologi- og industrifag, men der du treng kunnskapar og ferdigheiter frå naturfag:

  • Korleis kan produksjon, bruk og avfallshandtering av produkt og komponentar påverke klima og miljø?
  • Korleis kan energiløysingar og teknologi bidra til å redusere klima- og miljøbelastningar?
  • I kva samanhengar kan teknologi skape nye problem?
  • Kjenner du til problemområde eller utfordrande oppgåver/operasjonar i det framtidige yrket ditt? Kanskje du kan arbeide med forslag til løysingar som kan forbetre eller forenkle situasjonen/arbeidsprosessen?

Forslag til utforskingsoppgåver

Samarbeid med bedrifter eller kommunen

Å utforske med utgangspunkt i eit oppdrag kan vere motiverande. Ta kontakt med lokale bedrifter eller kommunen. Kanskje dei treng hjelp til å finne ut noko?

På sida til Lektor 2 Naturfagsenteret finn de mange døme på oppdrag, frå både offentlege verksemder og private bedrifter. Oppdraga kan brukast som dei er, eller som inspirasjon til å lage eigne oppdrag. Ta kontakt med lokale aktørar. Kanskje de kan få til eit samarbeid?

Lag oppdrag sjølv

Viss de ikkje får nokon utanfor skulen til å gi dykk oppdrag, kan de lage oppdrag til kvarandre. La nokon ta rolla til leiinga i ei bedrift. Desse lagar eit oppdrag som andre i klassen skal løyse. Legg opp dette så realistisk som mogleg, med oppdragsbrev, møte med rapportering undervegs i prosessen og ein sluttpresentasjon når utforskinga er avslutta.

Opplegg på NDLA

I dette emnet ligg nokre forslag til opplegg. De kan bruke dei som dei er, eller lage ei eiga vinkling på dei.

CC BY-SASkrive av Thomas Bedin.
Sist fagleg oppdatert 06.10.2020

Læringsressursar

Utforsk teknologi og berekraft