Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Påske i naturfag

I tida før påske kan det vere fint å jobbe med fagstoff og aktivitetar som kan knytast til denne høgtida. Det gir eit avbrekk frå den reint faglege organiseringa og kan vere ein måte å knyte ulike delar av faget saman på.
Kvinne et appelsin i strålande sol på påskefjellet. Ho har på solbriller og lue og er brun i huda. I bakgrunnen er ei kvinne med hund som går på ski. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Påskekrim

Lyden av ein mordar: Kven drap Sir Earnest?

Scene frå filmen "And then there were none". Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Sir Earnest har invitert gamle vener til ein stor fest på slottet sitt. Det heile går føre seg i hyggjelege former, heilt til Sir Earnest blir offer for eit forferdeleg mord! Avslør mordaren ved hjelp av skåling og klirring i glas.

Podkast om ny bruk av DNA i politietterforsking

Bioteknologirådet lagar podkasten Biotekpodden. Episoden "Ny bruk av DNA i politietterforsking" tek for seg saka om The Golden State Killer og moglegheitene for utvida bruk av genteknologi innan rettsgenetikk.

Klede med avtrykk av mannsperson. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Påskeunder?

I Bibelen kan vi lese om eit tøystykke som blei brukt til å sveipe liket av Jesus etter at han døydde på korset. Det som i dag blir omtalt som likkledet i Torino, blir hevda å vere det same tøystykket. Det er no eit viktig symbol i den katolske kyrkja. Om likkledet er ekte, blir framleis diskutert.

Oppgåve: Likkledet i Torino

Somme forskarar ville undersøkje alderen til likkledet. Dei gjennomførte C-14-analysar av kledet og fann at mengda radioaktivt karbon som var igjen, var 85 % av den opphavlege mengda.

  1. Lag eit program som reknar ut alder på gjenstandar basert på innhald av C-14. På sida Halveringstid – programmering i Python finn du gode tips for å komme i gang.

  2. Bruk programmet til å finne den antekne alderen til likkledet.

  3. Avgjer om funnet støttar hypotesen: "Likkledet i Torino blei brukt til å sveipe liket av Jesus."

Påskefjell

Forsøk: Kor effektiv er solkremen?

Utstillingsvindauge med påskepynt og mange ulike typar solkrem. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Viss du har tenkt å vere ute (i sola) i påska, er det viktig å smørje seg med solkrem med solfaktor.

I desse tre forsøka skal de bli kjende med korleis solkremar verkar, lage dykkar eigen solkrem og teste kor godt solkremen vernar mot UV-stråling.

Påskeegg

Forsøk: Lag di eiga måling

13 personar sit ved sida av kvarandre rundt eit bord med matrettar. Måleri.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Temperamåling er ein gammal teknikk og den einaste som blei brukt før oljemålinga kom på 1400-talet. Omgrepet tempera betyr "å blande i rett forhold" og beskriv denne målingsteknikken.

Lag di eiga temperamåling og bruk målinga til å dekorere egg.

Påskeeggforsøk

Demoforsøk: Magisk egg

I dette enkle forsøket kan de lage magiske egg som både kan sveve og bevege seg opp og ned i ei løysing.

naturfag.no kan du finne ei heil side med eggeksperiment.

Påskefilm

Creation

Utsnitt frå filmen "Creation". Foto.

Det biografiske kostymedramaet Creation gir oss eit glimt av livet til Charles Darwin rett før han publiserte den banebrytande evolusjonsteorien sin i Artenes opphav (On the Origin of Species).

Kanskje får vi svar på eit av dei største spørsmåla til evolusjonen: "Var det høna eller egget som utvikla seg først?"

Relatert innhald

Samling med aktivitetar, film og fagstoff som passar i tida før påske.

Kjelde

Smith, S. L.: likkledet i Torino i Store norske leksikon på snl.no. Henta 17. mars 2022 frå https://snl.no/likkledet_i_torino

CC BY-SASkrive av Thomas Bedin, Camilla Øvstebø, Tina Andersson og Kristin Bøhle.
Sist fagleg oppdatert 08.03.2022

Læringsressursar

Læringsråd