Hopp til innhald
Fagartikkel

Tele

Tele betyr frose jordlag. Tele oppstår når vatnet i jorda frys til is. For å sikre at eit bygg står stabilt, er det alltid naudsynt å senke nivået på grunnvatnet slik at telen ikkje når ned.
Video: Zoaring as / CC BY-SA 4.0

Unngå frostskadar

Dersom grunnvatnet ligg så høgt at telen når ned om vinteren, vil vatnet fryse til is og føre til at bakken over rører på seg. Vatn som frys, utvidar seg med ca. 10 prosent.

Senke nivå på grunnvatn

For å sikre at eit bygg står stabilt, er det derfor alltid naudsynt å senke nivået på grunnvatnet slik at telen ikkje når ned. Men sidan vatn alltid kan kome ned frå overflata, må vi òg sørgje for at telen ikkje når ned til fundamentet eller bankettane under bygget.

Isolere bakken

Kor djupt telen går ned, vil variere med klima og varmeleiingsevne i bakken. Dersom vi isolerer bakken, vil vi kunne hindre at telen går ned i bakken. Kor djupt vi må fundamentere eit bygg for å hindre tele, vil derfor variere med massane rundt og klimaet der vi byggjer. Fundamenterer vi grunnare enn vanleg teledjupn, må vi isolere bakken rundt bygget.

Klikk på teikninga under for å sjå eit døme på korleis eit bygningsfundament kan isolerast for å motverke tele.

Relatert innhald

Fagstoff
Golv på grunn

Når vi byggjer golv på grunn utan å lage kjellar under golvet, må vi lage byggjegrunnen slik at vatn blir drenert bort, og at det blir isolert mot tele.

CC BY-SA 4.0Skrive av Magne Vågsland.
Sist fagleg oppdatert 07.04.2022