Hopp til innhald

Fagstoff

Taktekkjaren

Taktekking er eit gammalt fag som går ut på å tekkje tak og overflater slik at dei blir tette mot vatn og vêrtilhøve.

Gammal historie for eit viktig fag

Taktekking går ut på forskjellige teknikkar og bruk av materiale for å gjere tak på byggverk tette slik at dei kan motstå vind, nedbør og klimatiske påverknader. Det er eit handverk som har eksistert sidan den første bustaden med tak over vart laga.

Det er vanskeleg å slå fast når sjølve taktekkjarfaget oppstod. I Noreg vart taka i eldre tid tekte av andre handverkarar som tømrarar eller murarar. Det var dei som gjorde mesteparten av byggjearbeidet på eit hus.

Det tidlegaste eksempelet på membrantekking er funne i ein tunnel frå ca. 700 år f.Kr. Han går under elva Eufrat, der er asfalt brukt som tettemiddel.

Materiale

Taktekkinga kunne då bestå av materiale frå naturen, som skifer, never, torv, halm, blad og greiner. Seinare vart trevirke tilarbeidd til bord og spon. Av brent leire vart det framstilt takstein av tegl. No bruker vi metallplater, takpapp, takstein, betongtakstein og foliar. Blekkslagarar kunne også tekkje tak med plater av for eksempel sink, bly eller kopar. Dette blir også gjort den dag i dag.

Arbeidsområde og oppgåver

Taktekkjarfaget har no vorte eit eige fag med arbeidsområde som tekking av nybygg, rehabilitering, omtekking, service og reparasjoner av tak. Arbeidet går føre seg på bustadblokker, småhus, industribygg, idrettshallar, terrassar, jorddekkjande konstruksjonar, tunellar og våtrom.

Taktekkjaryrket er eit interessant yrke med samfunnsnyttige, varierte og krevjande oppgåver. Arbeidet skjer for ein stor del ute på byggjeplassen og ofte i samarbeid med andre fagutøvarar i byggjebransjen. Taktekkaren skiftar ofte arbeidsplass avhengig av kvar oppdraga skal utførast.

Taket, den femte fasaden

Funksjonen til taket i ein bygning er å gi vern mot snø og regn, og å gi varmetetting for å gjere bustaden tenleg. Taket er den femte og kanskje den viktigaste «fasaden». Det skal vere pent å sjå på og passe saman med resten av bygninga.

Inneklima og miljø

Inneklima og miljø har vorte ein viktig del av taktekkjarfaget fordi nye isolasjons-material gir inneklima med høgare temperaturar og luftfukt. Dette krev større omtanke frå taktekkjaren si side. Ein lekkasje kan få fatale følgjer for bygget. Ein taktekkjar har dermed også ei viktig oppgåve med å sikre verdiar i samfunnet.

Beskrivelse av taktekkjaryrket fra utdanning.no.

CC BY-SASkrive av Walter Alfred Beddari og Kjell Brørs.
Sist fagleg oppdatert 20.11.2023

Læringsressursar

Taktekkjaren