Hopp til innhald

Fagstoff

HMS for taktekkjaren

Taktekkjarfaget er eit utsett yrke der det blir kravd aktsemd sidan arbeidet går føre seg med varme og på tak i store høgder. Ein taktekkjar sveisar også takbelegg ved bruk av varm luft eller open flamme. Dette er varme arbeid som krev at sløkkjeutstyr er tilgjengeleg
Taktekkjar med fallsele og brannsløkkjar jobber med varmt arbeid. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Sikring og verneutstyr

Ein taktekkjar som arbeider på tak, skal vere sikra ved bruk av stillas og rekkverk. Ofte er bruk av fallselar mest føremålstenleg når det manglar rekkverk der taktekkjaren arbeider. For taktekkjaren er derfor fallselar ein sjølvsagt del av det personlege verneutstyret.

Varme arbeid

Ved varme arbeid som sveising av takbelgg er det eit krav om minimum 2 stk 6 kg ABC handsløkkjeapparat, eller 25 mm vasslange med påsett trykk. Sløkkjemiddel skal vere lett tilgjengelege og plasserast føremålstenleg så nær arbeidsstaden som mogleg.

Ettersyn

Etter at arbeidet er avslutta, skal det gjerast grundig ettersyn av arbeidsstaden. Der det er brennbare material med fare for ulmebrann, skal brannvakt halde staden under oppsikt i minst 1 time etter at det varme arbeidet er avslutta.

Sertifikat

Varme arbeid krev eit eige kurs og gyldig sertifikat. Sertifikatet er gyldig i 5 år og må deretter fornyast.

CC BY-SASkrive av Walter Alfred Beddari og Kjell Brørs.
Sist fagleg oppdatert 27.10.2017

Læringsressursar

Taktekkjaren