Muraren
Som murar kan du jobbe sjølvstendig, men også vere ein del av større prosjekt ved bygging, reparasjon eller vedlikehald av små og store bygningar. Ein murar må også vere nøyaktig og ha praktiske evner, ein må ha evna til å jobbe planmessig og kunne kommunisere godt med kundar og kollegaer. Det er også viktig at arbeidet blir utført i samsvar med dei lovene og forskriftene som gjeld.
God fysikk og evna til å tilpasse seg ulike arbeidssituasjonar er viktig. Kreativitet og evna til å sjå løysingar er eigenskapar som er sentrale i delar av ein murar sitt arbeid.
Arbeidsområde
Arbeidsområda spenner frå utvendige konstruksjonar som krev kunnskapar om å stå imot vêr og vind, til innvendig arbeid med små detaljar som krev nøyaktig utføring.
Murarfaget er eit gammalt handverksfag med lange tradisjonar. Sjølv om ein del i faget er endra og modernisert, er det framleis det handverksmessige arbeidet som er viktig.