Hopp til innhald

Fagstoff

Muring med teglstein

Teglstein er stein produsert av leire. Det er eit gammalt byggjemateriale som stammar frå oldtida, og det blir brukt i dag. Teglstein er eit ikkje-brennbart byggjemateriale. Det har gjennom tida vorte pålagt brukt i blant anna byar, med tanke på branntryggleik. Teglstein har eit stort bruksområde.

Når vi bruker teglstein i ulike murverk, så byggjer vi opp veggen i ei eller anna form for . Kvart lag med murstein kallar vi eit skift. Mellom kvart skift og mellom kvar stein i skiftet legg vi mørtel. Dette kallar vi for ei fuge.

1. Muring med teglstein

Den første videoen viser korleis ein murar med teglstein i halvsteins forband.

2. Rullskift

Neste video viser eit døme på muring av eit rullskift.

3. Kapping

For å tilpasse teglsteinen til ei bestemt lengde må vi kunne dele han. Det kan gjerast med hammar og settmeisel, som vist i neste video.

4. Fuging

Etter kvart som du murar opp teglsteinen må fugene bli jamna ut og reinska. Det må du gjere før mørtelen blir for turr. Du utfører då ein pinnespekk, som kan gjerast som i videoen under.

CC BY-SASkrive av John Gunnar Johnsrud, Knut Grønvold og Kjell Brørs.
Sist fagleg oppdatert 09.01.2019

Læringsressursar

Muraren