Fagartikkel
Å lage trapp
For å gi eit innblikk i trevare- og bygginnreiingfaget skal vi ta for oss bygging av trapper. Trapper kan lagast av tre, betong, stål, glas og syntetiske materiale.
Trapper blir i dag teikna og produserte med dataprogram og automatiske maskiner. Vi skal vise nokre grunnleggjande prinsipp for å byggje ei trapp av tre utan automatikk.
Trappeformelen
- Trappeformelen: 2 opptrinn + 1 inntrinn = 600 til 640 mm
- Opptrinn bør ikkje overskride 180 mm.
- Inntrinnet bør vere minst 220 mm.
- Stigningsvinkelen bør vere mellom 25 og 40 gradar.
Utrekning
- Høgd på trapp er 900 mm.
- Vi vel 5 trinn og får: 900 mm / 5 trinn = 180 mm opptrinn.
- Vi vel 270 mm inntrinn.
- Stigningsvinkel blir 34⁰ fordi: 180/270 = 0,67 som er tangens til 34⁰.
- Trappeformel: 2 x 180 mm + 270 = 630 mm
Som ein ser, er vi her innanfor det trappeformelen seier. Om vi minskar inntrinna, blir trappa brattare. Stigningsvinkelen blir her på 34⁰ som også er innanfor 25–40⁰.
Utstyr
- Ein fresemal som blir tilpassa den tjukna og breidda ein vil ha på trinnet
- Handhalden overfres med styrehylse
- 2 stk. 90⁰ vinklar
Teikning
- Vi teiknar direkte på vangane.
- Set ein strek 25 mm frå kanten på begge sider av vangen for å avgrense trinnet.
- Merk av inntrinn og opptrinn på vinklane (sjå teikning).
- Trinna kan bli breiare enn inntrinnet dersom vangen er brei.
Bygging
- Vi bruker fresen med mal som passar trinntjukna.
- Trinn og vange kan både skruast og limast saman.
- Til slutt monterer vi handlist.
Teikningsfil for SketchUp og andre teikneprogram
Trapp tegningsfil
Filer
- Trapp tegningsfil(SKP)
- Trapp tegningsfil(DWG)
- Trapp tegningsfil(PDF)