HMS for bygginnreiaren
Det blir produsert komponentar der ein stiller strenge krav til produksjonen. Det blir derfor stilt store krav til alle som jobbar med planlegging av og produksjon av trevare og bygginnreiing.
Ein må ha respekt for og følgje det regelverket og dei forskriftene som er utarbeidde for produksjonen. Å vere ryddig og nøyaktig er viktige nøkkelord her.
Det er utarbeidd interne HMS-tiltak for å sørgje for at dei som arbeider i produksjonsanlegga, kan arbeide trygt.
Opplæring og sertifisering
Det er krav om opplæring og sertifisering av personell og utstyr for å ivareta tryggleiken.
Klemfare
I produksjonslokala er det fare for å bli klemt av maskiner, truck o.l.
Kuttskadar
Kuttskadar er også ein fare ved bruk av handverktøy og maskinelt verktøy som knivar og høvlar.
Støy og støv
Arbeidet i produksjonslokala fører med seg ein del støy og støv. Ofte blir produksjonen styrt frå kontrollrom som vernar mot støy og støv.
Avgassar
Lakkering/måling blir som regel utført automatisk i lukka rom. Avgassar frå måling og lakk kan då trekkjast med ventilasjon utan at det er noko problem for miljøet i arbeidslokala.
Personleg verneutstyr
Når det gjeld personleg verneutstyr og tiltak, så er dette som for byggje- og anleggsbransjen elles. Ein bruker eigna arbeidstøy, høyrselsvern, verneskor, hjelm, støvmaske, hanskar og vernebriller når slikt er påkravd.