Hopp til innhald
Fagartikkel

Blekkslagaren

Blekkslagarar produserer, moderniserer og reparerer ventilasjon, fasade og tak. Som blekkslagar må du kunne jobbe etter både nye og gamle teknikkar, og med nye og gamle materiale.
Korleis arbeidar ein blekkslagar? Video: Høgskolen i Bergen / CC BY-SA 4.0

Som blekkslagar vil du komme borti mange og varierte oppgåver. Tidlegare har blekkslagaren arbeidd mykje med å lage takrenner og koparkjelar. I dag arbeider dei mykje med fasadar, tak og ventilasjonsløysingar. NDLA har under dette faget laga nokre enkle innleiande øvingar som kan utførast på verkstaden på skulen.

Vanlege arbeidsoppgåver for blekkslagaren:

  • lage og montere nedløpssystem
  • tekke tak med materiale som metall og stein
  • detaljarbeid på tak
  • fasade, ventilasjon, produsere og montere ventilasjonsanlegg, service og rehabilitering av tak
  • bruke digitale verktøy, ta bilete, video, skrive tekst m.m.