HMS for blekkslagaren
Blekkslagaren handterer store maskinar som gjer ein effektiv jobb med klipping og knekking. Desse maskinane er konstruerte for å vere sikre i bruk. For å bruke maskinane på ein sikker måte er det viktig å følgje rettleiing og sikkerheitsreglar.
Arbeid på tak og fasadar gjer at blekkslagaren ofte jobbar i stillas eller med fallsikringssele. Rett bruk og opplæring i bruk av utstyret er viktig for at arbeidet skal kunne utførast på ein sikker måte.
Vernebriller må ofte brukast for å beskytte auga mot metallbitar og gneistar. Hendene er handverkaren sin viktigaste reiskap. Ofte er det ein fordel å beskytte hendene mot kutt og rifter med arbeidshanskar. Arbeidshanskar er også nødvendig for å utføre jobben når det er kaldt ute.
Blekkslagaren utfører også varme arbeid når han loddar skøytar i plater. Her må ein følgje påbod om vernetiltak og tilgjengeleg brannsløkkingsutstyr. For å utføre varme arbeid er det eit krav om kurs med sertifisering.