Hopp til innhald
Fagartikkel

HMS vedkjem alle

Som offshore-arbeidar må du setje deg inn i dei HMS-reglane og -verkemidla som blir brukte der du skal vere. Du får opplæring i samband med tryggleikskurset og introduksjon hos operatørselskapet der du skal jobbe.

HMS vedkjem alle

Når du jobbar offshore på norsk sokkel, er du anten tilsett i eit operatørselskap eller i eit selskap som leverer utstyr og/eller tenester til operatørselskapa. Leverandørselskapa er ei variert gruppe og inkluderer selskap som utfører boring, logging, sementering, komplettering, brønnvedlikehald, stillasbygging, catering og så vidare. Slike selskap er underlagde dei same strenge krava til HMS som er nedfelt i regelverket.

Operatørselskapa legg stor vekt på at det er samanheng mellom dei HMS-måla dei har sett seg, og kva HMS-standard dei ventar seg av underleverandørane sine. Slike krav blir bakt inn i kontrakten mellom operatørselskap og underleverandørar.

Før du får jobbe på ein ny rigg, må du gå gjennom ein introduksjon der du får vite kva som er HMS-krav og -mål, og kva verkemiddel som blir brukte om bord på riggen for å oppnå måla.

Opplæring i HMS og kvalitetssikring for offshore-personell

For å reise og arbeide offshore må du ha offshore helsesertifikat, og du må ha kurs i grunnleggjande tryggleik og beredskap. Kurset er obligatorisk og er ein del av opplæringa i HMS-faget i brønnteknikk Vg2.

Under relatert innhald finn du ein artikkel frå NDLA om grunnleggjande tryggleikskurs (GSK).

Alle selskap har i tillegg ei bedriftsintern opplæring i HMS. Eit typisk døme på slik opplæring kan vere som du ser under.

Før utreise må du

  • ta kurs i sikker jobb-analyse (SJA) og arbeidsløyve (AT)
  • få opplæring i overordna til selskapet HMS-mål og -reglar
  • ta grunnkurs i dei interne HMS-reglane i selskapet og -system

Slike kurs blir ofte gitt til dei tilsette i selskapet og til tilsette hos underleverandørar som skal arbeide offshore.

Når du kjem til installasjonen, skal du ha ein tryggingsintroduksjon. Alle som besøkjer ein installasjon for første gong, skal ha denne introduksjonen. Dersom det har gått langt tid sidan sist du var på installasjonen, må du gå gjennom denne introduksjonen på nytt.

Det er eit ufråvikeleg HMS-krav at du er kvalifisert for jobben som skal utførast.

Du blir aldri ferdig utdanna innan HMS

God HMS krev livslang læring. Livslang læring krev at du tek naudsynte kurs og held deg oppdatert på arbeidsprosedyrar og HMS-regelverk. Du har òg eit ansvar for aktivt å betre din eigen arbeidsplass innan HMS og kvalitetssikring. Nytt utstyr, nye tekniske løysingar og nye prosedyrar påverkar HMS og utføring av kvalitetsarbeid.

Første gong på ein offshore-installasjon

Før du reiser ut, får du stadfesta avreisetidspunkt og helikopter-flight. På plattforma vil leiarar og arbeidskollegaene dine vere informerte om at du kjem, og om kva arbeidsoppgåver du skal utføre. I mange selskap blir det òg peikt ut ein fadder som skal følgje deg og introdusere deg til kollegaer, arbeidsplassen og arbeidsoppgåver. Fadderen er ofte ein person med lang erfaring og gode kunnskapar om HMS og arbeid på plattforma. Dei fleste selskapa har ei sjekkliste for denne introduksjonen. Sjekklista skal signerast og arkiverast.

Når du kjem til plattforma, går du gjennom sjekklista og signerer på at HMS-introduksjon er gjennomførd. I introduksjonen blir du mellom anna kjend med

  • alarmsignal, rømmingsvegar og mønstringsstasjonar
  • mønstringskort med køye (seng) og livbåtnummer
  • privat verneutstyr
  • HMS-organisasjon og vernetenesta
  • arbeidsløyve og krav til isolasjon/avsperring av system og lokasjonar
  • bustadforhold og reglar knytte til dette
  • førebyggjande tryggleik

Ofte får du eit møte med plattformsjefen. Han/ho går gjennom HMS-forventningane plattformsjefen har til deg som medarbeidar.

Beredskap

På ei plattform kan det oppstå mange krevjande og farlege situasjonar. Dette kan vere mann-over-bord-situasjon, brann, gasseksplosjon eller at plattforma havarerer. Konsekvensane av slike situasjonar kan bli store for både personell og utstyr. Når slike situasjonar hender, blir det varsla gjennom eit lys og lyd-alarmanlegg. Det er ulike signal for ulike situasjonar. Alle plattformer har beredskap for store ulykker.

Beredskapsorganisasjonen blir mobilisert når det går ein alarm. Beredskapsorganisasjonen er grupper av offshore-personell som har fått spesialopplæring for å handtere ulike farlege situasjonar.

Dersom evakueringsalarmen går, vil ei gruppe i beredskapsorganisasjonen organisere arbeidet med å få alt personell til livbåtar og sørgje for at alle har redningsdrakt. Andre grupper i beredskapsorganisasjonen vil arbeide med å avgrense og/eller å avslutte den situasjonen som er oppstått. Beredskapsorganisasjonen blir alltid leidd av den øvste ansvarlege på plattforma, altså plattformsjefen.

Du har ansvar for å vite kva du skal gjere i ein beredskapssituasjon. Det betyr at du til dømes skal kjenne alarmsignala, alarminstruksar og rømmingsvegar, du skal vite kvar redningsdrakter er, og kva livbåtstasjon du skal mønstre ved. Du skal òg vite korleis du skal varsle dersom du er den første som oppdagar ei hending.

Ein god og effektiv beredskapssituasjon er heilt avhengig av at alle om bord veit kva dei skal gjere. Det blir derfor halde øvingar med jamne mellomrom.

HMS og kvalitetssikring i kvardagen

For å sikre at arbeid blir utført på ein sikker, god og effektiv måte, er det naudsynt at arbeidet blir utført av personell med riktig kompetanse og opplæring. Det er grunnen til at alle som jobbar på dekk offshore, må ha fagbrev eller ingeniørutdanning.

I opplæringa skal du få innsikt i og forstå kvifor det er viktig å utføre arbeid i samsvar med prosedyrane. Du skal lære å sjå konsekvensane av det som kan gå gale og finne gode løysingar som har låg risiko i utføringa (risikovurdering). Alt skal dokumenterast.

Prosedyrane krev at ein hentar inn arbeidsløyve (AT) for mange ulike typar arbeid. Du skal kjenne til kva arbeid som krev arbeidsløyve, og kva arbeid som krev sikker jobb-analyse (SJA). Du skal kjenne til krav til utstyret som skal brukast slik at du kan vurdere om det er klart for bruk. Du skal halde arbeidsplassen din ryddig og oversiktleg.

Varsling

Du som arbeidstakar speler ei svært viktig rolle for å sørgje for at arbeidet blir utført i samsvar med reglar og prosedyrar. Det er liv, helse og livskvalitet som står på spel for deg og arbeidskameratane dine kvar dag. For å hjelpe deg og kollegaene dine til god HMS og kvalitetssikring i det daglege arbeidet, er det laga ulike system for varsling. To slike system er systemet for å rapportere uønskte hendingar, RUH, og STOPP.

RUH er eit lovpålagt varslingssystem som blir brukt for å betre og kvalitetssikre framtidige arbeidsrutinar. STOPP-systema er utvikla av operatørselskapa og har som mål å hindre situasjonar frå å oppstå ved å fokusere på kva som kan skje gjennom aktiv observasjon og kommunikasjon.

Under relatert innhald finn du ein artikkel frå NDLA om RUH.

Relatert innhald