Simulering
Gasslekkasje i open ventil
Kan ein følgje alle planar utan å tenkje? Boring, prosess og produksjon er ulike ansvarsområde med ulike risikomoment, og då må jobben diskuterast i detalj før oppstart. I denne videoen ser vi kva som kan skje når dokumentasjonen ikkje er riktig, og personen ikkje ser konsekvensane av feilen.
Tenk deg at du skal delta i eit brønnserviceoppdrag – kva bør du vite om status i brønnen?
Kvifor er det vanskeleg å planleggje ein jobb med kollegaer som jobbar i ein annan modul/seksjon?
- Kvifor er det viktig å ha innsikt i heilskapen for oppdraget?
- Kva er ei "verifisering"?