Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Erfaringa di frå utplassering i bedrift

I denne oppgåva skal du fortelje om erfaringa di frå utplassering i bedrift og om korleis du vart motteken i starten.
Utstyr som skal sendast offshore, blir klargjort i ein verkstad i ein stor hall. Fleire røyr og arbeidarar, ein av arbeidarane køyrer gaffeltruck. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Gå saman i grupper på tre–fire personar, og fortel kvarandre korleis de vart mottekne på praksisplassen. Noter ned kva som var bra, og kva som kunne ha vore gjort annleis.

Lag ei liste med punkt, og legg ho fram for klassen. Éin person i klassen får ansvaret for å samle inn punkt frå alle gruppene for å lage eit felles dokument for klassen.

CC BY-SASkrive av Oddvar Torgersen.
Sist fagleg oppdatert 04.05.2021

Læringsressursar

Utplassering i bedrift