Hopp til innhald
Rettleiing

Yrkesfagleg fordjuping (YFF)

Yrkesfagleg fordjuping (YFF) skal gi deg innsikt i dei fagretningane du kan velje mellom når du skal søkje læreplass.

Yrkesfagleg fordjuping skal gjere det mogleg å veksle mellom læringsarenaer og gi elevane moglegheit til å oppleve realistiske arbeidssituasjonar i læringsarbeidet.

Det er mange måtar å organisere yrkesfagleg fordjuping (YFF) på, og kvar skule og linje har si eiga løysing på korleis YFF er lagt opp.

Ta utgangpunkt i læreplanmål frå Vg3/lærlingløpet

YFF gir elevane ei fin moglegheit til å ta eigne val om kva fagområde dei vil fordjupe seg i. Fordjupinga må ta utgangspunkt i kompetansemåla frå læreplanane for læretida (Vg3). Somme gjennomfører dette som utplassering i bransjen, andre jobbar med eigne prosjekt og fordjuping ved skulen, og somme kombinerer fleire av arbeidsmåtane.

Nokre vanlege måtar å organisere YFF på

  • utplassering i bedrift
  • jobbe med eigne fordjupingsprosjekt
  • førebu utplassering frå skulen med søknads- og CV-skriving
  • praktisk opplæring og kursing ved skulane og ute i bransjen
  • ein kombinasjon av fleire av punkta over

Nokre tips til deg som skal jobbe med YFF

  1. Finn ut kva lærefag og dermed Vg3-kompetansemål som er aktuelle for deg. Du finn læreplanane ved å søkje på faget på Utdanningsdirektoratet (udir.no).
  2. Planlegging, dokumentasjon og loggskriving er viktig i yrkesfagleg fordjuping. Du må ha ein plan, knyte arbeid til kompetansemål og dokumentere prosessen undervegs. I etterkant skal du evaluere og skrive logg for å vise arbeidsprosessen.
  3. Skaff deg informasjon om yrket og retninga du vil fordjupe deg i. Kva slags eigenskapar bør du ha, korleis er arbeidsforholda, kva slags oppgåver kan du vente deg?

Dersom du ønskjer å finne ut meir om YFF, kan du lese på sida Yrkesfagleg fordjuping (udir.no).

CC BY-SA 4.0Skrive av Stina Åshildsdatter Grolid.
Sist fagleg oppdatert 04.05.2021