Årsplan for vg2 kokk- og servitørfag
Ein fagarbeidar innan kokk- og servitørfag treng heilskapleg kompetanse for å utøve yrket og ei forståing av at det er ein samanheng mellom kompetansemåla i dei to faga – alt heng saman.
Temaa kan derfor ha innhald og arbeidsoppgåver som dekker fleire av kompetansemåla på tvers av dei to programfaga. Vi håper planen kan vere til inspirasjon! Last gjerne ned og tilpass han til elevgruppa di og miljøet ditt.
Det er mogleg å trykke på dei ulike emna under faga, desse inneheld lenker. Lenkene fører deg til fagartiklar og oppgåver i det aktuelle emnet på ndla.no. Trykker du på kompetansemåla, vil lenka føre deg til Utdanningsdirektoratet sine nettsider og kompetansemåla i faget.
Filer
NDLA har laga tverrfaglege ressursar som kan vere nyttige ved skulestart og gjennom heile året. Ein av ressursane er Verktøykassa. Her finn du mange fagartiklar og oppgåver knytte til ein god skulestart og korleis de kan skape eit trygt og utviklande skulemiljø. Du finn òg mange andre gode tips og råd her.
Samfunnskunnskap, norsk og kroppsøving har kompetansemål som gjer det mogleg å samarbeide om ulike prosjekt i løpet av året. Eit tips er å gå gjennom kompetansemåla i desse faga og samarbeide med fellesfaglærarar og lage ulike prosjekt som de kan gjennomføre i alle faga.