Hopp til innhald
Rettleiing

Mal for praksislogg for restaurant- og matfag

Her er eit døme på korleis du kan skrive logg frå arbeidsdagane i praksis.

Praksis

Når du er i praksis, skal du velje ut nokre kompetansemål frå vg3 som du skal fokusere spesielt på. Etter du har valt ut til dømes fem kompetansemål, må du konkretisere desse måla. Kva inneber dei for deg på praksisplassen din? Dersom du er utplassert i ferskvarehandlarfaget og har valt kompetansemålet "leggje opp diskar, eksponere og selje kalde og varme produkt og andre ferskvarer og gjere greie for kva omsyn som må takast for å sikre trygg mat", må du konkretisere kva det vil seie å legge opp ein ferskvaredisk i bedrifta du er utplassert i. Det kan til dømes vere at du beskriv kva prinsipp du har følgt for å bygge opp ein ferskvaredisk som freistar kundane til å handle.

Det er fint å legge inn bilete i loggen som illustrerer arbeidsoppgåvene du har utført. Har du til dømes jobba med å legge opp ein ferskvaredisk, kan du ta bilete av det og setje det inn i loggen. Hugs å avklare med arbeidsgivar om det er greitt at du tek bilete.

Kva bør loggen innehalde?

Loggen må daterast, og du må føre opp arbeidstida di. Her følger ei liste med forslag til andre punkt loggen bør innehalde.

  • generelle arbeidsoppgåver denne dagen

  • arbeidsoppgåver eg har utført innanfor dei (fem) utvalde kompetansemåla

    • konkretisering av kva kvart kompetansemål inneber av arbeidsoppgåver for meg som elev

  • nye arbeidsoppgåver eg ikkje har utført tidlegare

  • rettleiing eg har fått i dag

  • samanheng med det eg har lært på skulen

  • min eigen trivsel på arbeidsplassen

  • anna eg vil fortelje frå dagen

  • kva eg har lært i dag


Under har vi delt malar for loggføring som du kan skrive ut og tilpasse sjølv.

  • Mal for praksislogg for restaurant- og matfag (115 kb)

  • Kjelde

    Utdanningsdirektoratet. (2021). Læreplan i vg3 ferskvarehandlarfaget (FVF03‑01). Fastsett som forskrift. Læreplanverket for Kunnskapsløftet. https://www.udir.no/lk20/fvf03-01

    CC BY-SA 4.0Skrive av Tone Hadler-Olsen og Jannike Gausdal.
    Sist fagleg oppdatert 07.11.2024