Eigenvurdering
Reklamer for hovudtelefonar – vurderingsskjema
Bruk dette skjemaet som hjelp når du vurderer i kva grad du har nådd læringsmåla for arbeidsoppdraget Reklamer for hovudtelefonar.
Glimrande | Kompetent | På veg |
---|---|---|
Radiospoten min syner at eg forstår kva som kjenneteiknar arbeid med reklame. | Eg forstår kva reklame er, men eg får ikkje synt det gjennom arbeidet med radiospoten. | Eg er usikker på kva reklame er, og kva ein radiospot er. |
Eg veit kva som kjenneteiknar sjangeren radiospot, og eg har brukt desse sjangertrekka i radiospoten min. | Eg veit kva som kjenneteiknar sjangeren radiospot, men eg har ikkje lykkast heilt med å lage ein radiospot med slike sjangertrekk. | Eg veit ikkje heilt kva som kjenneteiknar sjangeren radiospot, og eg er usikker på om lydproduksjonen min oppfyller kravet til radiospot. |
Eg kjenner til dei ulike lydtypane og har brukt dei som verkemiddel i radiospoten min. | Eg kjenner nokre typar lyd, og har brukt fleire lydtypar i produksjonen min, men eg har ikkje tenkt så nøye gjennom kvifor eg har valt nettopp desse. | Eg har ikkje sett meg inn i kva lydtypar som finst, og korleis desse kan brukast. |
Eg kan gjere enkle lydopptak, overføre opptaket til datamaskinen min, redigere råmaterialet og eksportere den ferdige radiospoten som .mp3-fil. | Eg har hatt nokre problem med å gjennomføre anten opptak, overføring eller redigering, men til slutt klarte eg å få radiospoten ferdig. | Eg har hatt problem med å gjennomføre opptak, overføring og/eller redigering, og klarte ikkje å få til nokon radiospot. |