Introduksjon
Dette arbeidsoppdraget går ut på å lage ein radiospot for å selje hovudtelefonar eller øyrepluggar. Det vil gi deg erfaring både med lydarbeid og marknadsføring.
Læringsmål
Når du er ferdig med denne læringsstien, skal du
- forstå kva som kjenneteiknar reklame
- kunne nytte kjenneteikn ved reklamesjangeren radiospot i din eigen produksjon
- vite kva lydtypar som finst
- kunne laste ned lydeffektar og musikk
- kunne bruke lydeffektar og musikk som verkemiddel i ein radiospot
- kunne behandle lyd teknisk frå opptak til utkøyring