Hopp til innhald

Fagstoff

Skulestart på medium og kommunikasjon

Her er forslag til ressursar som kan vere aktuelle dei første vekene på medium og kommunikasjon.
Ungdommar tek selfie. Foto.

Her følgjer lenkjer til aktivitetar og oppgåver som kan gjennomførast dei første vekene på medium og kommunikasjon. Ressursane kan brukast i faga mediesamfunnet og medieuttrykk.

Veke 1 og 2: Bli kjent med MK og kvarandre

Eit knippe bli-kjent-leikar: Her er ulike namneleikar og bli-kjent-leikar som kan brukast uavhengig av fag.

Sosiale medium og klassemiljø: Korleis kan ein bruke sosiale medium til å skape eit godt klassemiljø?

Lag mem av nyheiter på dagsordenen: Ta utgangspunkt i ei aktuell nyheit, og produser eit mem.

Skap eit kunstverk på nytt: Test kreativiteten ved å lage nye versjonar av tidlegare kunstverk.

Veke 3–5: Bli betre kjent med MK og kvarandre

Fang kvardagsaugeblikka: Få ei innføring i arbeid med biletkomposisjon og fotografering.

Blogg om livet ditt: Opprett ein blogg, og skriv, fotografer og film kvardagen på medielinja.

Korleis kjempe mot mobbing på TikTok?: Refleksjon om netthets og sosiale medium.

Lag ein lovleg god musikkvideo: Denne kan kanskje brukast som den første gruppeoppgåva i klassen?

Ungdom danser på gata. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Tverrfaglege emne

I den første delen av skuleåret på Vg1 kan vi òg tilrå ressursane under til utdanningsprogrammet medium og kommunikasjon. Læringsstiane kan brukast som dei er eller blir tilpassa elevgrupper, lærarar og timeplanar.

Folkehelse og livsmeistring

Ny på vidaregåande: Korleis kan du meistre dei sosiale og faglege utfordringane på best mogleg måte når du startar på vidaregåande?

Bra klassemiljø: Kva kjenneteiknar eit godt og dårleg klassemiljø? Bli samde om eit sett med reglar.

Skriv eit portrettintervju: Elevane intervjuar kvarandre, øver seg på intervjuteknikk og journalistisk skriving – og blir betre kjende.

Ei kvinne snakkar med ein mann i ein intervjusituasjon. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Tips til fleire ressursar

I Verktøykassa har vi samla fleire fagovergripande ressursar for lærarar og elevar til støtte i læringsarbeidet.

I det felles emnet Skulestart på NDLA finst det òg meir fagstoff og oppgåver som kan passe i byrjinga av året.

CC BY-SASkrive av Maren Aftret-Sandal.
Sist fagleg oppdatert 11.06.2020

Læringsressursar

Årsplanar og eksamen