Eigenvurdering
Kriterium for måloppnåing – Superportrettet
Låg måloppnåing | Middels måloppnåing | Høg måloppnåing |
---|---|---|
Eg kunne ha jobba meir systematisk med idéutvikling og/eller komme fram til ein meir spennande idé. | Eg har følgt råda i KFK-modellen og jobba fram ein ok idé. Eg kjenner til dels fasane i modellen. | Eg har brukt KFK-modellen til å jobbe fram ein god idé. Eg kjenner og kan bruke alle fasane i modellen |
Eg er usikker på korleis eg bruker manuell kamerainnstilling for ISO, blendaropning og lukkartid. Eg veit ikkje korleis eg får stor og liten djupneskarpleik eller korleis eg frys eit bilete. | Eg har til dels kontroll på manuell kamerainnstilling for ISO, blendaropning og lukkartid. Eg veit noko om korleis eg får stor og liten djupneskarpleik, og korleis eg frys eit bilete. | Eg har kontroll på manuell kamerainnstilling for ISO, blendaropning og lukkartid. Eg veit korleis eg får stor og liten djupneskarpleik, og korleis eg frys eit bilete. |
Eg er usikker når det gjeld dei fem grunnleggjande komposisjonsprinsippa, og/eller eg har ikkje brukt dei medvite i portrettet mitt. | Eg kan ein del om dei fem grunnleggjande komposisjonsprinsippa, men eg kunne ha brukt fleire av dei i portrettet mitt. | Eg kjenner godt til dei fem grunnleggjande komposisjonsprinsippa, og eg har brukt fleire av dei i portrettet mitt. |
Eg er lite medviten på kva eg formidlar til målgruppa, og eg har ikkje reflektert over kva grep eg har gjort for å lage dette portrettet. | Eg har nokre tankar om kva eg har ønskt å formidle til målgruppa, og eg kan seie litt om kva grep eg har gjort for å lage eit portrett av medeleven min. | Eg har vore svært medviten om kva eg har ønskt å formidle til målgruppa, og eg har kontroll på kva grep eg har gjort for å få fram personlegdomen til medeleven min. |