Arbeidsoppdrag
Superportrettet
Evne til å bli kjend med personar og tenkje ut gode idéar for korleis personlegdomstrekk kan visualiserast, er nøkkelen i fotografering av porterett.
- Du skal lage eit fotoportrett av ein medelev.
- Målgruppa er dei andre elevane i klassen.
- Målet med fotografiet er å bli betre kjend med den du portretterer.
- Du skal bruke modellen sine eigne ting, klede og utstyr som rekvisittar. Du kan gjerne også bruke omgivnader som modellen ofte ferdast i, som kulisse.
- Bruk KFK-modellen til å planleggje portrettet. Dette vil seie at du må gjere research for å finne ut kva modellen din er oppteken av, idémyldre moglege motiv og lage ein plan for gjennomføring. Forsøk å ta eit bilete som er litt utanom det vanlege.
- Bruk nokre av dei fem grunnleggjande komposisjonprinsippa i fotografering.
- I motsetnad til «mobilfotografane» skal du bruke speilreflekskamera til å ta biletet. Jobb med ulike innstillingar for ISO, blendar og lukkartid.
- Bli einige i klassen om korleis de skal publisere bileta. Skal dei lagast på Instagram med ein eigen emneknagg? Eller skal dei publiserast i ei lukka gruppe på Facebook? Eller skal dei kanskje stillast ut i klasserommet?
Til inspirasjon
Sjekk ut NRK sin programserie Mobilfotografene.
Her fekk deltakarane beskjed om å lage portrett av personar ved hjelp av mobilkamera. Det var deltakarane si evne til å bli kjend med personane og tenkje ut gode idéar for korleis personlegdomstrekka kunne visualiserast, som avgjorde kven som gjekk til topps i konkurransen.