Modernisme
Tenk over:
Kva forbind du med å vere moderne?
Modernisme
Noko som er moderne, høyrer som regel til det nyaste på sitt område. Likevel bruker vi modernisme om fleire stilretningar som utvikla seg gjennom førre hundreår. Samfunnet endra seg radikalt på 1800-talet. Utvikling av ny teknologi og industri gjorde at mange flytta til byane for å få arbeid. Industrien gjorde det mogleg å lage vakre og rimelege kvardagsgjenstandar.
Modernisme beskriv ein ny måte å tenkje på. 1900-talet er prega av nyskaping innan kunst, arkitektur, kunsthandverk, musikk og litteratur. Eksperimentering og kunstnarisk fridom blei lagt vekt på.
I biletkunsten var det ikkje lenger eit mål å etterlikne røynda. I arkitektur og brukskunst reinska ein bort unødvendig pynt. I staden blei rette linjer og reine flater brukte. Form, funksjon og materiale skulle vere i fokus.
Modernismen er ei samnemning for fleire ulike retningar. Innanfor design og kunsthandverk utvikla modernismen seg til art deco, funksjonalisme, Scandinavian design og popdesign. Eit enkelt formspråk med reine flater og stilisert dekor var felles for desse.
Relatert innhald
Kunsthandverk som grunnlag for design
Dei første modernistane ønskte å relatere design og kunsthandverk til industrisamfunnet. Gerhard Munthe (1849–1929) var ein produktiv kunstnar som jobba med fleire typar kunstindustri. Han laga veggutsmykkingar og teikna møblar, dører og anna inventar. I Noreg blir han sett på som den første industridesignaren.
Modernistisk design
Nora Gulbrandsen var også ein av dei første profesjonelle industridesignarane i Noreg. Ho er kjent for arbeida i modernistisk design for Porsgrunds Porselænsfabrik frå 1930-åra.
Andre utøvarar som har vore viktige for utviklinga av modernisme i Noreg, er Grete Prytz Kittelsen med emaljegjenstandar, og Tone Vigeland med smykke og bruksting.