Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Lag manus til kortfilmen Storebror ser deg

I dette arbeidsoppdraget skal de utarbeide manus til ein kortfilm der temaet er digitalt medborgarskap, personvern og overvaking. Deretter skal de prøve å få produksjonsselskapet til klassen interessert i manuset de har laga.
Stol, filmrullar, ropert og klappar. Ilustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Del 1: Lag synopsis og eit forslag til filmmanus

Gå saman i mindre grupper. Kvar gruppe skal utarbeide eit forslag til manus til ein kortfilm.

  • Tittel: Storebror ser deg

  • Sjanger: science fiction

  • Tema: digitalt medborgarskap, personvern og overvaking i Noreg anno 2030

  • Lengde: cirka 5 minutt

Relatert innhald

Del 2: Sel inn idéen

Når manuset er ferdig, skal kvar gruppe formidle filmidéen sin i form av ein pitch som blir framført i klassen.

Resten av elevane har då rolla som produksjonsselskapet til klassen. Dei skal gi tilbakemelding på idéen ut frå kriteria som ligg til grunn for oppgåva, og om filmen vil fengje eventuelle sjåarar.

Relatert innhald

Ein god idé fortener ein god presentasjon! For å sikre det kan du bruke NABC-metoden når du skal planleggje ein pitch.

Del 3 (dersom de vil): Lag filmen

Dersom klassen har tid, lyst og høve, kan de velje ut manuset de synest er best og produsere filmen i fellesskap.

Relatert innhald


CC BY-SASkrive av Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 19.10.2021

Læringsressursar

Personvern