Hopp til innhald

Fagstoff

Overvaking og personvern i det digitale samfunnet

Som borgarar av eit digitalt samfunn etterlèt vi digitale spor overalt: heime, på bussen og på nettet. Kva fordelar gir moglegheita til digital sporing, og korleis kan vi sikre at ikkje styresmakter og andre aktørar misbruker det dei veit om oss?
Ein nal slettar omriss av fotavtrykk med binær kode inni. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Digitale spor

I 2018 og 2019 vart den dåverande justisministeren Tor Mikkel Wara trua og utsett for hærverk, mellom anna vart bilen hans tend på. Sambuaren hans, Laila Bertheussen, vart til slutt dømd for desse handlingane. Bevisa mot ho var i stor grad basert på dei digitale spora ho hadde etterlate i tidspunkta for hendingane, som til dømes

  • kvar mobilane hennar til ei kvar tid hadde vore

  • bruk av betalingsterminalar i butikkar

  • søk etter bestemd informasjon på internett

  • innlegg i ei lukka gruppe i sosiale medium

  • oppkopling av ein bestemd skrivar til PC-en

  • opptak gjorde av digitale overvakingskamera

  • ein helse-app som viser talet på skritt på gitte tidspunkt

Saka viser i kor stor grad styresmakter og andre kan kartleggje livet vårt i detalj dersom dei har vilje, ressursar og tilgang til å samle alle dei digitale spora vi etterlèt oss i kvardagen.

Storebror ser deg

I 1949 gav forfattaren George Orwell ut ein science fiction-roman med tittelen 1984. Boka skildrar eit samfunn der innbyggjarane er konstant overvakte av store fjernsynsskjermar som både sender ut propaganda og overvaker alt som går føre seg i hus og heim.

Metaforen "storebror ser deg" stammar frå denne boka, og han har i ettertid vorte brukt om måten styresmaktene overvaker eigne borgarar på. Metaforen viser òg til "veslebrør": I digital teknologi og nettbasert informasjon ligg det moglegheiter til å samle inn og bruke data om kva vi gjer, tenkjer og meiner, og ikkje berre for overvakingsstyresmakter. Små og store kommersielle aktørar, ideelle organisasjonar og offentlege institusjonar samlar og bruker data òg.

Kva spor legg du igjen?

Mobiltelefonen din sender jamleg signal til den næraste basestasjonen. Venelista di i sosiale medium gir eit tydeleg bilete av kven du heng med til dagleg, og bileta du deler, fortel mykje om kva aktivitetar du deltek i. Overvakingskamera på bussen og kjøpesenteret fangar dagleg opp rørslene dine.

Ofte er du sjølv aktivt med på å dele informasjon om kvar du er. Du gir kanskje venegjengen tilgang til posisjonen din på Instagram, bruker Google Maps til å finne den raskaste vegen til ein matstad eller ber parkeringsappen vise deg den næraste parkeringsplassen.

Dei fleste av oss tenkjer vel at vi ikkje har behov for å skjule kva vi held på med, men nokon kan likevel misbruke slik informasjon. Til dømes er det gull verd for ein innbrotstjuv å vite at heile familien er på hytta.

Tingnettet

På 1950-talet vart slageren "Gangdøra heime" spelt dagleg på radio. I visa får vi høyre om alt kva ei gangdør, eller utgangsdør, veit om deg:

Men det veit eg visst at om ho kunne tale,
så kom det for dagen båd' rettvist og gale.

Gangdørene på 50-talet var heldigvis ganske tause. Slik er det ikkje lenger. Dersom utgangsdøra di har elektroniske dørlås, eller du har installert tjuverialarm, blir det samla inn elektronisk informasjon kvar gong du eller andre går ut og inn av heimen din.

Omgrepet tingnettet blir brukt om smarte gjenstandar som automatisk samlar inn, tolkar og deler digital informasjon. I 2019 var litt over 14 milliardar slike einingar kopla til nettet, og det er grunn til å tru at talet vil stige dramatisk dei neste åra.

Datainnsamling gjennom straummålaren

Straummålaren din registrerer til dømes når du dusjar og vaskar tøy, og at du hiv ein pizza i omnen når du kjem heim frå fest. Dei som tolkar slike data, veit derfor mykje om korleis den norske befolkninga oppfører seg til dagleg, og prisen på straum varierer i takt med dette.

Smarte gjenstandar kan redde liv

Smarte gjenstandar kan hjelpe oss i kvardagen og redde liv. Volvo planlegg til dømes å installere kupékamera og andre sensorar som overvaker deg når du køyrer. Målet er å forhindre ulykker. Eit anna døme er rørslesensorar som blir brukte i fengsel og psykiatriske institusjonar for å forhindre sjølvmord.

Tenk over

Du står i butikken utan handleliste og spør det smarte kjøleskapet om du er tom for mjølk. Det er greitt nok, men:

  • Er det OK dersom kjøleskapet ikkje lèt seg opne seint på kvelden fordi du allereie har ete dei kaloriane du treng i dag?

  • Korleis kan du sikre deg at andre ikkje misbruker det kjøleskapet veit om kosthaldsvanane dine?

Ting kopla til nett, dataangrep og sikkerheit

Denne videoen frå NRK Skole (2018) viser kor ille det kan gå om vi ikkje byggjer sikkerheit inn i alt frå leikar til medisinsk utstyr og flyplass-system:

Stordata og personvern

I dag har du skumma gjennom nettaviser, brukt digitale læremiddel, brukt Google til å søkje etter informasjon og kanskje funne noko lekkert i ein nettbutikk du berre ha. Har du tenkt på kor mange nettsider du besøkjer på ein vanleg dag, og at du kvar gong legg igjen informasjon om deg sjølv?

Når millionar av menneske dagleg legg frå seg persondata på nett og i sosiale medium, blir det i sum ei uhorveleg stor datamengde. Slike datamengder kallar vi stordata (på engelsk big data). Dersom nettgigantane skal nytte seg av denne datamengda, er dei avhengige av avanserte algoritmar som samanliknar og analysar dataa. Informasjonen dei samlar, kjøper og samanliknar, bruker dei i neste omgang til å skreddarsy informasjon, reklame og tilgang til interessefellesskap som dei trur vil passe akkurat for deg.

Sal av personopplysningar

Stordata er nøkkelen til effektiv drift i det digitale samfunnet. Mange aktørar er interesserte i og avhengige av informasjon om folk sine liv, vanar, handlingar, rørslemønster, nettverk og tankar. Sal av personopplysningar er derfor "big business".

Til dømes er mykje pengar sparte for eit forsikringsselskap dersom dei veit at du har ei risikoåtferd. Då kan dei krevje at du må betale ei høgare livsforsikring, eller dei kan avkorte utbetalinga ved skade.

Kvinne vinkar til overvakingskamera. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Når styresmaktene overvaker

Informasjon som er samla inn om enkeltpersonar på internett og i sosiale medium, er ein viktig del av arbeidet til styresmaktene med å førebyggje terrorhandlingar. I Noreg er det Politiets sikkerheitsteneste (PST) som samlar inn og følgjer opp slik informasjon. Politiet bruker òg dataspaning til å avdekkje andre kriminelle forhold, til dømes pedofilinettverk som misbruker barn.

Eit digitalt samfunn er òg svært sårbart for såkalla cyberangrep frå framande makter. Analyse av stordata frå internett blir derfor òg brukt i etterretningsverksemd.

I 2013 avslørte Edward Snowden korleis amerikanske styresmakter gjennom fleire år hadde direkte tilgang til å hente ut personinformasjon frå serverane til mellom anna Google, Facebook, Microsoft, Skype og Apple. Ifølgje Datatilsynet har kriminalitets- og terrornedkjemping i aukande grad fått forrang for personvern i mange vestlege land.

Datatilsynet passar på personvernet vårt

I Noreg har vi lover og reglar som set grenser for kva slags informasjon styresmaktene har rett til samle inn om oss, og korleis slik informasjon kan lagrast og brukast. Datatilsynet vart oppretta i 1980 for å sikre personvernet til innbyggjarane og hindre ulovleg overvaking og datainnsamling.

Men du har òg eit personleg ansvar. EU har innført ei lov om regulering av personvernopplysningar (Ceneral Data Protection Regulation, forkorta GDPR). Denne skal tryggje personvernrettane våre og gi oss meir kontroll over eigne data. Når du opnar ei side på ein nettstad som samlar inn data om nett-trafikken din, får du derfor eit spørsmål om du samtykkjer i at nettstaden bruker denne informasjonen.

Du kan sjølvsagt svare nei på dette spørsmålet. Problemet er at du då heller ikkje får tilgang til informasjonen og tenestene som nettstaden tilbyr. Derfor trykkjer dei fleste av oss ofte automatisk "ja", sjølv om vi eigentleg ikkje veit kva det inneber.

Viktige omgrep

Kjelder

Datatilsynet. (2021, 26. mai). Datatilsynets strategi. https://www.datatilsynet.no/om-datatilsynet/planer/datatilsynets-strategi

Digital Norway. (2020, 11. desember). Tingenes internett: Slik brukes det i dag. https://digitalnorway.com/tingenes-internett-iot-slik-brukes-det-i-dag/

Harkestad, I. (2018, 19. april). Hva vet internett egentlig om deg? Tekna. https://www.tekna.no/fag-og-nettverk/ikt/ikt-bloggen/hva-vet-internett-egentlig-om-deg/

Johnsen, L. W. (2020, 23. oktober). Storebror ser Laila og alle andre. Dagsavisen. https://www.dagsavisen.no/debatt/kommentar/2020/10/23/storebror-ser-laila-og-alle-andre/

Norges offisers- og spesialistforbund. (2021, 9. januar). Påvirkning og overvåkning. https://www.nof.no/arkiv/pavirkning-og-overvakning


CC BY-SASkrive av Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 18.10.2021

Læringsressursar

Personvern