Hopp til innhald
Læringssti

Du er no inne i ein læringssti:
Forteljeteknikk i digitale medium

Oppgåve

Vurder forteljeteknikkar og verkemiddel i digitale medium

  1. Multimedialitet
    Diskuter med ein medelev korleis skrift, lyd, video og animasjonar blir prioritert og brukt for å få formidla denne saka: http://multimedia.bt.no/janne/
  2. Responsivitet
    På kva måte er dagbladet.no responsivt? Skriv ned tre punkt.
  3. Brukaråtferd og brukaroppleving
    Beskriv di eiga brukaråtferd og brukaroppleving når du nyttar Facebook, Instagram eller Jodel. I beskrivinga skal du bruke omgrepa brukargrensesnitt, brukaråtferd, brukaroppleving, navigasjon og brukarrespons.
  4. Brukaråtferd
    Vel fem spørsmål herfrå: http://iallenkelhet.no/2015/05/01/81-spm-om-design/.
    Diskuter spørsmåla med ein medelev og underbygg synspunkta dine med mediefaglege argument.
  5. Navigasjon
    Gå saman i grupper på tre. Planlegg ei navigasjonsløysing som gir ei god brukaroppleving i ein app som skal nyttast til å kjøpe bussbillettar.
    Dersom de ønskjer det, kan de bruke dette verktøyet:
    https://marvelapp.com/
CC BY-SA 4.0Skrive av Albertine Aaberge.
Sist fagleg oppdatert 07.03.2017