Hopp til innhald
Læringssti

Du er no inne i ein læringssti:
Forteljeteknikk i digitale medium

Fagartikkel

Multimedialitet og responsivitet

Digitale medium har eigenskapar som gjer det mogleg å publisere både lyd, stillbilete, levande bilete og 3D. Responsivitet er ein spesifikk eigenskap som fører til at ein nettstad automatisk tilpassar seg vising på PC, nettbrett og mobil.

Multimedialitet

Når ulike medietypar som skrift, stillbilete og levande bilete skal setjast saman, er det naudsynt å ta forholdsreglar. Kva skal vere funksjonen til dei ulike medietypane? På YouTube er det for eksempel videoavspeling som er hovudfunksjonen. Trykkjer du på ei lenke, blir videoen spelt av i størstedelen av skjermen, same om det er på mobiltelefon, nettbrett eller datamaskin. Videoen er gitt all prioriteten.

Vindauge for vising av video og lyd må ha avspelings-, pause- og stoppikon. Det er også vanleg å gi brukarane høve til å skrolle fram og tilbake i eit lyd- eller videospor, med mindre det dreier seg om reklame.

Multimedialitet handlar om å ta i bruk dei ulike eigenskapane ved tekst, lyd, levande bilete og 3D og setje medietypane i samanhengar som gir brukaren gode navigasjonsopplevingar. Det er viktig at bilete, tekst og video blir plasserte på ein slik måte i høve til kvarandre at det stør oppunder poenget med rørslene og aktivitetane til brukaren.

Her er nokre eksempel på kva du må ta stilling til når du skal lage eit slikt medieuttrykk:

  • Du må ta omsyn til samspelet mellom statiske element (skrift og bilete som står stille) og dynamiske element (lyd og levande bilete som er i flyt).
  • Du må bestemme om dynamiske element skal starte av seg sjølve eller bli sette i gang av brukaren.
  • Du må bestemme om titlar skal vere overskrifter eller underordna bilete og/eller video.
  • Du må bestemme om det som står skrive, er viktigare eller mindre viktig enn det som blir formilda ved hjelp av bilete eller video.

Dei som jobbar med utviklinga av dataspel, har gått foran med å skyve grenser for kva det er mogleg å gjere i digitale medium, og lagt sporet for kva som er konvensjonar for navigasjon og multimediedesign.

Responsivitet

Det siste sentrale omgrepet vi skal introdusere i denne omgangen, er responsivitet. Det er kanskje meir ei teknologisk løysing enn eit verkemiddel for kommunikasjon i digitale medium. Men det kan vere nyttig å vite at responsivitet dreier seg om at ein nettstad fungerer like godt på ein dataskjerm som på eit nettbrett eller ein mobiltelefon.

I eit responsivt design er bilete, tekstar og navigasjonsmeny lagde til rette på ein slik måte at dei automatisk endrar storleik, avhengig av storleiken på flata dei blir viste på. Du kan teste ut om ein nettstad er responsiv ved å minske fana på ein nettlesar til storleiken på ein mobil, for eksempel Dagbladet.no. Om innhaldet på nettstaden har tilpassa seg storleiken og det ser ut som om det er ein mobilskjerm, då er nettstaden responsiv. Det blir ofte teke omsyn til reponsiviteten til ein nettstad i planlegginga av navigasjonen.

CC BY-SA 4.0Skrive av Albertine Aaberge.
Sist fagleg oppdatert 25.04.2018