Hopp til innhald
Du er no inne i ein læringssti

Oppgåver og aktivitetar

Sjølvframstilling på sosiale medium

Kven er du på sosiale medium? Er du deg sjølv, eller speler du ei rolle? Kva du legg ut, og kva tilbakemeldingar du får på sosiale medium, er med på å forme identiteten din og ditt eige bilete av deg sjølv.

Oppgåve 1. Sosiale medium

Diskuter spørsmåla før de ser filmen:

  1. Er du deg sjølv på sosiale medium?
  2. Kva vil det seie å vere seg sjølv på sosiale medium? Finn nokre konkrete døme.

Oppgåve 2. Sjølvframstilling

Sjå filmen og svar på oppgåvene:

  1. Kvifor tek vi så ofte bilete av oss sjølv saman med andre på sosiale medium?
  2. Kvifor sjekkar vi sosiale medium så ofte rett etter at vi har lagt ut noko om oss sjølv?
  3. Korleis kan sjølvbiletet bli påverka av andre sine tilbakemeldingar på sosiale medium? Gi nokre konkrete døme.
  4. Ifølgje psykologen Elise Masta Rønning kan sosiale medium skape eit falskt gjennomsnitt. Kva meiner ho med det?

Oppgåve 3. Mediepåverknad

Diskuter i grupper

  1. Kvifor er tilbakemeldingar frå andre så viktig for utviklinga av identiteten vår og sjølvbiletet vårt?
  2. Korleis kan sosiale medium påverke identiteten din og sjølvbiletet ditt på ein positiv og ein negativ måte?
  3. Har de eit ansvar for å gi andre positive tilbakemeldingar på sosiale medium?
  4. Kva er fordelane og ulempene med å dele personleg informasjon på sosiale medium?
  5. Kva råd ville de gitt andre ungdommar når det gjeld deling av personleg informasjon på sosiale medium?
CC BY-SASkrive av Karl Henrik Aanesen.
Sist fagleg oppdatert 01.12.2020