Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Offentleg samtale om rasisme

Korleis er den offentlege samtalen om rasisme i Noreg, og korleis påverkar han oss?

Redaksjonelle medium og offentleg samtale

I eit demokrati er meiningsutveksling og usemje grunnleggjande. Ytringsfridommen er eit effektivt middel i møte med uønskte og ekstreme ytringar.

Redaksjonelle medium har ansvar for å leggje til rette for ein open samfunnsdebatt om rasisme. Eit mangfald av stemmer i media er ein føresetnad for demokrati. Saker som set søkjelyset på diskriminering og ulike former for rasisme, kan påverke samfunnsdebatten. Media skal spegle heile samfunnet og må ta samfunnsrolla si på alvor.

1. Sjå korleis Supernytt på NRK inviterer til debatt om rasisme, i dette innlegget på TikTok:

2. Reflekter over desse spørsmåla:

  • På kva måte legg Supernytt til rette for ein open debatt om rasisme med dette innlegget?
  • Kven er målgruppa for denne TikTok-videoen?
  • Korleis blir du påverka av dette innlegget?
  • Kvifor trur du Supernytt har brukt TikTok som plattform når dei skal invitere til debatt om dette temaet?

3. Gå saman to og to. Søk i ulike nettaviser.

  • Finn saker som tek opp tema knytte til rasisme og diskriminering.
  • På kva måte set sakene søkjelyset på rasisme?
  • Media har makt til å påverke kva og kven som slepp til i offentlegheita. Trur de desse sakene kjennest relevante for grupper som blir utsette for rasisme?
  • På kva måte bidreg desse sakene til ein opplyst og open offentleg samtale om rasisme?

Ungdommar som bruker sosiale medium. Illustrasjon.

Sosiale medium og offentleg samtale

Også sosiale medium speler ei viktig rolle i den offentlege samtalen. Ved å seie frå og protestere mot diskriminering og rasistiske ytringar på ulike sosiale plattformer, kan vi påverke mange menneske. Ein opplyst og open offentleg samtale kan føre til endringar.

Grove, hatefulle eller diskriminerande ytringar kan straffast med bøter eller fengsel. Dette gjeld òg ytringar som blir publiserte i digitale medium.

1. Sjå korleis Maria Mena tek eit oppgjer med rasisme, i dette Instagram-innlegget:

Maria Mena: Hvem sier det ikke finnes rasisme i Norge?

Innlegget til artisten Maria Mena fekk mykje merksemd i sosiale medium. Mange menneske engasjerte seg i saka, kom med støttande meldingar og tok eit klart standpunkt mot rasisme. Maria Mena valde òg å melde den rasistiske kommentaren til politiet. Les meir om det i relatert artikkel:

Relatert innhald

2. Reflekter over desse spørsmåla:

  • Korleis bidreg Maria Mena til den offentlege samtalen med dette innlegget?
  • På kva måte viser Mena samfunnsansvar gjennom å publisere eit innlegg som dette?
  • Kvifor trur du Mena valde å melde den rasistiske kommentaren til politiet?
  • På kva måte kan eit innlegg som dette endre den offentlege samtalen om rasisme?

Relatert innhald

Korleis kan du bruke stemma di for å motverke og forhindre rasisme og diskriminering? I denne oppgåva skal du kjempe mot rasisme i sosiale medium.

Rasisme kan få store konsekvensar for både enkeltindivid, grupper og samfunn. Det er viktig at media set søkjelyset på ulike former for rasisme.

CC BY-SASkrive av Eva Sophie Wolff-Hansen.
Sist fagleg oppdatert 18.01.2021

Læringsressursar

Ytringsfridom og ytringsansvar