Hopp til innhald
Læringssti

Du er no inne i ein læringssti:
Norsk kringkastingshistorie

Fagartikkel

Mediekonvergens (2010– )

Mediekonvergens betyr at ulike medium nærmar seg kvarandre og smelter saman. Radio og TV har eigne nettsider og bruker òg sosiale medium som formidlingskanal. Nokre aviser har eigen nett-TV.
Medieforskar Tanja Storsul om mediekonvergens. Video: Amendor AS / CC BY-SA 4.0

Kva er konvergens?

Omgrepet konvergens er i utgangspunktet henta frå matematikken. Der betyr det at kurver nærmar seg kvarandre for til slutt å gå saman. Hovudføresetnaden for konvergens innan medie- og kommunikasjonsmarknaden er at alle medieuttrykk kan formulerast i to-talssystemet, i 0 og 1.

I utgreiinga NOU 1999: 26 Mediekonvergens blei det skissert ei utvikling der dei ulike tenestene etter kvart ville gå mot meir eller mindre samanvovne informasjons- og kommunikasjonstenester. I utgreiinga heiter det mellom anna at vi i ein framtidig digital mediekvardag kan "surfe på internett via det tradisjonelle fjernsynsapparatet i stova" eller "sjå på fjernsyn via PC".

Det står òg:

Konvergensutviklingen medfører at omfanget av innholdstilbud øker dramatisk. Paradoksalt nok styrker dette begrunnelsen for å opprettholde et allmennkringkastertilbud. Konvergensutviklingen vil med nødvendighet innebære en globalisering og kommersialisering av tilbudet av radio- og fjernsynstjenester. I denne situasjonen vil allmennkringkasterne kunne fylle en rolle som viktige korrektiver til det markedet selv vil frembringe av tjenester.

Les meir om ulike former for konvergens

Konvergensutvalet identifiserer fire dimensjonar ved konvergens i media:

  1. Tenestekonvergens inneber at dei ulike tenestene hentar formelement frå kvarandre, og at det blir utvikla stadig fleire interaktive tenester.
  2. Nettkonvergens betyr at infrastrukturane i praksis kan understøtte alle typar digitale informasjons- og kommunikasjonstenester, og dessutan at distribusjonsnetta blir bygde ut med returkanalar, slik at brukarane kan kommunisere direkte med tilbydarane av tenestene.
  3. Terminalkonvergens betyr at sjølve mottakarapparata blir digitale, og at dei dermed kan få både radio, fjernsyn og internett, og dessutan spele CD-ar, DVD-ar og ulike typar spel.
  4. Marknadskonvergens følgjer som ein naturleg konsekvens. Det inneber at økonomiske sektorar som det før var eit relativt klart skilje mellom, som aviser, kringkasting og spel-leverandørar, no må konkurrere om dei same kundane.

Sendenettet for radio blir digitalisert

Radio i Noreg er meir eller mindre heildigitalisert. Digitaliseringsprosessen var hovudsakleg aktørstyrt. Det vil seie at det var kringkastarane som både betalte for utbygginga og valde digital standard for bakkebaserte kringkastingssendingar.

Den digitale standarden kringkastarane valde, heiter Digital Audio Broadcasting. Teknologien er utvikla i Europa som del av EU sitt forskingsprosjekt Eureka 147 og bar først nemninga DAB. Teknologien fekk sidan ei teknisk oppgradering av lyden og blei utvikla til DAB+. Dei første prøvesendingane i Noreg med DAB starta på midten av 1990-talet. Sidan 2017 er alle radiosendingar i DAB-nettet blitt sende med DAB+.

Filmklipp om DAB og lydkvalitet. Video: NRK / CC BY-NC-ND 4.0

Sjølv om digitaliseringsprosessen var aktørstyrt, stilte staten visse krav til digitaliseringa. I 2011 bestemte Stortinget at fem krav (sløkkevilkår) måtte vere oppfylte før dei riksdekkjande radiokanalane kunne fullføre overgangen frå FM til DAB og bli heildigitale:

  1. Dekninga for NRK-kanalane måtte svare til NRK P1 si befolkningsdekning på FM.
  2. Dekninga for dei kommersielle riksdekkjande radiokanalane måtte vere på minst 90 prosent.
  3. Digital radio måtte tilby ein meirverdi for lyttarane.
  4. Det måtte finnast rimelege og teknisk tilfredsstillande løysingar for radiomottak i bil.
  5. Minst halvparten av lyttarane måtte lytte dagleg til ei digital plattform.

I april 2015 vedtok regjeringa at alle dei fem sløkkevilkåra var innfridde, og at sløkking av FM-nettet for riksdekkjande radiokanalar kunne starte i 2017. I løpet av 2017 blei dei riksdekkjande FM-sendingane sløkte region for region. Dei fleste lokalradioar kunne halde fram med å sende på FM også etter 2017. Digitalradio er òg tilgjengeleg via nett-radio, digital-TV, appar og liknande.

Systematisk målgruppetenking

Bak NRK si lansering av den nye trekanal-radioen i 1993 låg det klare tankar om segmentering av ulike marknader for dei ulike radiokanalane. Dette var ein tankegang som braut tvert med den tradisjonelle programmeringa av ein allmennkringkastar, som skulle presentere "noko for alle". Etter ein time med musikk skulle det følgje eit verbalprogram, og etter ein halvtime med barneprogram skulle det vere noko for dei eldre.

Inspirert mellom anna av australske ABC tok radiodirektør Tor Fuglevik denne tanken heilt ut då han i 1995 lanserte Alltid Klassisk som verdas første heildigitale radiokanal, og i 1997 Alltid Nyheter. Dette var kanalar som skulle sende same type innhald heile døgnet. Kanalmangfaldet skulle føre til at lyttarane kunne velje kva dei ville høyre på, i staden for at éin kanal skulle dekkje alle interesser.

Les meir om digitale radio- og fjernsynskanalar

DAB-nettet gjorde det mogleg å lansere fleire kanalar. I 1999 kom NRK Sami Radio, sommaren 2000 kom NRK mP3 med litt tøffare musikk enn Petre sende, og hausten 2000 kom NRK Urørt med Petre-lyttarane sine eigne musikkopptak. Det same året blei NRK Stortinget lansert med direktesending av alle forhandlingar i nasjonalforsamlinga. I 2004 blei Alltid Folkemusikk lansert som NRK sin tiande radiokanal, i 2005 følgde NRK P1 Oslofjord, i 2006 retrokanalen NRK Gull og i 2007 Alltid Jazz. Alle kanalane blei hovudsakleg distribuerte på DAB og internett.

Omlegginga av linjenettet for fjernsynssendingar frå analogt til digitalt har hatt eit langt raskare tempo. I 2002 etablerte NRK og TV2 Norges televisjon AS (NTV) med sikte på å skaffe seg konsesjon for å etablere og drive det framtidige bakkenettet for digital-TV i Noreg. Hausten 2005 tredde Telenor inn som likestilt medeigar i selskapet. Sommaren 2006 tildelte Samferdselsdepartementet selskapet konsesjon for utbygging og drift av eit digitalt bakkenett i 15 år. Norkring har stått som teknisk utbyggjar, mens RiksTV, som er eigd av TV2, NRK Aktivum og Telenor, har ansvaret for å tilby betal-TV-pakker i NTV sitt bakkenett. NRK pliktar å tilby sitt allmennkringkastingstilbod gratis i bakkenettet. Sløkkinga av det analoge bakkenettet starta i Rogaland hausten 2007, og i 2010 var prosessen avslutta for heile landet. Etter analog sløkking blei det montert nytt utstyr i dei 430 sendepunkta og dei 531 småsendarane i satellittskuggen for å kunne utvide tilbodet ved òg å ta i bruk dei frigjorde frekvensane som blei brukte til analog distribusjon.

Mediekonvergens i praksis

Med internett som ein felles base har dei ulike media henta mange former frå kvarandre. Kringkastingsselskapa har måtta lære seg å publisere skriftleg informasjon, mens avisene sine nettstader i stadig større grad tilbyr lyd- og videoinnhald.

Distribusjonsnetta er òg bygde ut med returkanalar, slik at brukarane kan kommunisere direkte med tilbydarane av tenestene. Gjennom sløkkinga av det analoge linjenettet for overføring av fjernsynssignal er alle brukarar av tenestene i Noreg no knytte til eitt eller fleire digitale nettverk. Og store økonomiske aktørar som Telenor, Modern Times Group (MTG), ProSiebenSat 1 Media, Schibsted, Egmont og A-pressa er engasjerte på fleire medieplattformer. Nokre av dei prøver dessutan å utvikle ein såkalla vertikal integrasjon, det vil seie å få kontroll med flest mogleg ledd i verdikjeda.

Dei sosiale media gjer sitt inntog

Det har òg dukka opp ein heilt ny type tilbydarar av medium, nemleg dei selskapa som har spesialisert seg på å utvikle såkalla sosiale medium. Ein vanleg definisjon av sosiale medium er at det er ulike tilbod på internett som er kjenneteikna av at brukarane deler innhald med kvarandre. I motsetnad til i tradisjonelle medium er det brukarane som legg føringar for kva innhaldet skal vere. Vi seier at innhaldet er brukargenerert.

Konkurranse frå Netflix og HBO

I perioden 2010 til 2020 fekk dei tradisjonelle fjernsynskanalane sterk konkurranse frå strøymetenester som viser dramaseriar og filmar on demand. Det betyr at enkeltpersonar fritt kan velje kva dei vil sjå, frå eit rikhaldig innhaldsarkiv. Store internasjonale aktørar som Netflix og HBO konkurrerer i dag med norske fjernsynskanalar om tilbod til norske sjåarar.

CC BY-SA 4.0Skrive av Svein Sandnes og Medietilsynet.
Sist fagleg oppdatert 16.12.2020