Bygg eit tårn
Arbeidsoppdraget er ein variant av "The Marshmallow Challenge", som går ut på å bygge det høgaste spagettitårnet med ein marshmallow på toppen. Denne oppgåva blir gjerne brukt i "team-building" i organisasjonar, som oppgåve for å øve samarbeid, og for å bli kjende med kvarandre.
Gruppene skal her organiserast og leiast på ulike måtar, sjølv om målet er det same.
Kvar gruppe får utdelt 20 stk spagetti, 1 marshmallow, 1 meter hyssing og 1 meter tape. Innanfor ei gitt tidsramme skal kvar gruppe bygge eit så høgt tårn som mogleg av utdelt materiell. Tårnet skal ha ein marshmallow på toppen og stå på eiga hand til slutt. Lærar deler klassen inn i passande grupper, og dei ulike gruppene får sin instruks.
Scientific Management-gruppe:
Gruppa skal ha ein leiar som bestemmer kven som gjer kva og når. Gruppemedlemmene får ikkje velje eller diskutere korleis dei meiner oppgåva skal løysast best, sjefen bestemmer! Denne gruppa får 15 minutt på å løyse oppgåva. Leiaren skal vere streng dersom nokon ikkje følger instruks og bruke stoppeklokke undervegs for å minne gruppemedlemmene på kor mykje tid dei har igjen. Gruppa kan heller ikkje velje å sitje mens dei løyser oppgåva. Dei må stå og får ikkje gå rundt for å sjå kva dei andre gruppene gjer.
Human Relations gruppe:
Gruppa skal ha ein leiar, men alle i gruppa får diskutere i fellesskap korleis dei kan løyse oppgåva, før og undervegs. Leiaren skal rose gruppemedlemmane undervegs, og motivere så godt som mogleg, uansett korleis det går. Her kan gruppa velje om dei vil sitje eller stå mens dei jobbar. Denne gruppa får 25 minutt på å løyse oppgåva og kan også be om hjelp frå andre.
Organisasjonskulturgruppe:
Denne gruppa skal på førehand få kikke på døme på korleis andre har løyst oppgåva (Det er lov å kopiere andre sin suksess!) og skal i tillegg få bruke tid på å diskutere om dei vil ha ein leiar for denne oppgåva eller ikkje. Denne gruppa får også gå rundt og observere korleis dei andre jobbar undervegs, og gruppa får 40 minutt på å løyse oppgåva.
Klassediskusjon og oppsummering når gruppene er ferdige med arbeidsoppdraget:
- Korleis opplevde dei ulike gruppemedlemmene jobben i gruppene? Få fram tre fordelar og tre ulemper ved dei forskjellige måtane å organisere arbeidet på.
- Forsøk å beskrive arbeidsmiljøet, både det fysiske og det psykososiale, i gruppene. Ta utgangspunkt i leiing, organisering, å bli verdsett / lytta til, og kva som påverka motivasjon.