Yrkesliv i barne- og ungdomsarbeidarfag (HS-BUA vg2)
Felles programfag saman med:Kommunikasjon og samhandling (HS-BUA vg2)ogPedagogisk arbeid (HS-BUA vg2)
Den profesjonelle barne- og ungdomsarbeidaren
Ein barne- og ungdomsarbeidar skal alltid ha fokus på det beste for barn og unge og arbeide medvite for å oppnå dette i kvardagen. For å vere ein profesjonell barne- og ungdomsarbeidar må du vite kva krav og forventningar det er til yrket ditt, og kva ansvar du har.
Rettar og plikter i arbeidslivet
Som arbeidstakar må du vite kva rettar og plikter du har i arbeidslivet. Du må òg ha kjennskap til korleis dei ulike partane i arbeidslivet utfører samfunnsrolla si i samsvar med den norske modellen.