Hopp til innhald
Oppgåve

Rettleiing om hygiene og smittevern

For å kunne førebyggje spreiing av smittsame sjukdommar er det viktig at du har gode kunnskapar om smittevern og overheld hygieniske retningslinjer. Som fagarbeidar skal du òg motivere og rettleie om handhygiene og andre smitteførebyggjande tiltak.

Oppgåver

  1. Gjer deg kjend med Håndhygieneveilederen frå Folkehelseinstituttet.

    1. Kva seier rettleiaren om når du skal velje handvask og når du skal velje handdesinfeksjon?
    2. Kor lenge skal du vaske hendene med såpe og vatn?
    3. Kor lang tid tek det å utføre handhygiene med handdesinfeksjon?
  2. Gå saman i grupper og lag eit digitalt undervisningsopplegg om smittekjeda, smittevern og handhygiene. Opplegget skal innehalde både teori og praktisk øving, og dessutan eit skjema for evaluering av opplegget.

    1. Gjennomfør opplegget i ein eller fleire Vg1-klasser.
    2. Be deltakarane fylle ut evalueringsskjemaet etter undervisninga. Lag ei oppsummering av tilbakemeldingane de får.
    3. Drøft tilbakemeldingane i gruppa og i klassen.
    4. Diskuter i klassen kva de lærte av å undervise dei andre elevane.

Relatert innhald

Fagstoff
Handhygiene

Kunnskapane til fagarbeidaren om kor viktig god handhygiene er, er avgjerande for helsa og velværet til brukaren.

Fagstoff
Smittekjeda

Smittekjeda gir ei forklaring på korleis smitte spreier seg.