Hopp til innhald
Oppgåve

Handvask i barnehagen

God handhygiene er det viktigaste tiltaket for å unngå spreiing av smittsame sjukdommar. Som barne- og ungdomsarbeidar skal du lære barna i barnehagen korleis dei vaskar hendene, og kvifor det er så viktig.
Handvask i barnehagen. Video: NRK / CC BY-NC-ND 4.0

Oppgåver

  1. Bruk smittekjeda for å forklare det som skjer i filmen.
  2. Kvifor er det så mykje smitte i ein barnehage?
  3. Korleis kan ein innarbeide gode rutinar for handhygiene?
  4. Arbeid saman to og to. Éin spelar vaksen, og éin spelar barn. Snakk med kvarandre om handvask og hygiene. Byt roller.
  5. Set saman nye lag på to personar. Den eine vaskar hendene, og den andre observerer handvasken og gir tilbakemeldingar på kva som er bra, og kva som kan gjerast betre.

Relatert innhald

Fagstoff
Smittekjeda

Smittekjeda er ei skildring av korleis smitte blir overført. Å hindre smitte vil seie å bryte smittekjeda.