Hopp til innhald

Den profesjonelle barne- og ungdomsarbeidaren

Ein barne- og ungdomsarbeidar skal alltid ha fokus på det beste for barn og unge og arbeide medvite for å oppnå dette i kvardagen. For å vere ein profesjonell barne- og ungdomsarbeidar må du vite kva krav og forventningar det er til yrket ditt, og kva ansvar du har.

Hygiene og smitteverntiltak

I jobben som barne- og ungdomsarbeidar må du kjenne til og praktisere god hygiene for å redusere og førebyggje smittespreiing. Du skal kunne setje i verk tiltak som hindrar spreiing av smittsame sjukdommar blant barn, unge og vaksne på arbeidsplassen din.