Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Filmoppgåver: Det er lov å si nei

Oppgåver om grensesetting, sjølvkjensle og identitet med utgangspunkt i kortfilmen Det er lov å si nei.

Sjå først kortfilmen Det er lov å si nei. Filmen varer i 14 minutt.

Det kan vere nyttig å reflektere litt over handlinga i filmen før du byrjar jobbe med oppgåvene:

  • Kva er det filmen ønsker å fortelje oss?

  • Er handlinga i filmen realistisk?

Oppgåve 1. Gruppepress og grensesetting

  1. Beskriv kort kva som ligg i gruppepress. Kom gjerne med døme.

  2. Kan du finne scener frå filmen der Jane, Simen eller nokon av dei andre blir utsette for gruppepress?

  3. Kvifor trur du filmen har fått tittelen Det er lov å si nei? Grunngi svaret ditt.

  4. Drøft denne påstanden: Mange ungdommar opplever i dag press forårsaka av sosiale medium, TV-seriar og klassemiljø.

Oppgåve 2. Identitet og sjølvkjensle

  1. Reflekter over kvifor Jane trur det er så viktig å ligge med Simen, sjølv om det er tydeleg at ho ikkje vil.

  2. Kva trur du hadde skjedd med Janes sjølvkjensle dersom ho ikkje hadde følgt sine eigne grenser, men gitt etter for press.

  3. Diskuter saman i klassen om det er ein samanheng mellom identiteten til ungdommar og sjølvkjensla deira.

Oppgåve 3. Forventningar til kjønn

Filmen Det er lov å si nei er skriven og regissert av filmskapar Aurora K. Nossen. Ho laga filmen som eit resultat av debatten rundt TV-serien Sigurd fåkke pult. Nossen opplevde tittelen på TV-serien som støytande og skreiv eit debattinnlegg om dette i Aftenposten.

  1. Les kronikken til Aurora Nossen på Aftenposten.

  2. Kva er det med tittelen Sigurd fåkke pult ho meiner er støytande, og kva argument har ho for at ein slik språkbruk degraderer jenter?

  3. Er du einig eller ueinig med Nossen? Grunngi svaret ditt.

Oppgåve 4. Ungdomsklubb-case

Tenk deg at du jobbar i ein ungdomsklubb der Jane, Simen og resten av ungdommane i filmen pleier å gå. Du snakkar ofte med ungdommane og oppdagar at det går føre seg skjult mobbing og gruppepress knytt til sex og festing.

  1. Reflekter over korleis du kan snakke med ungdommane om desse temaa på ein god måte.

  2. Lag eit forslag til eit dialogverktøy du kunne brukt i arbeidet på ungdomsklubben.

CC BY-SASkrive av Tina Andersson. Rettshavar: Norgesfilm AS
Sist fagleg oppdatert 09.02.2023

Læringsressursar

Sjølvbilete og trygg identitet