Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Kven er eg?

For å finne ut kven vi eigentleg er, må vi våge å sjå innover og avdekkje ulike sider ved oss sjølv. Vi er mangfaldige og rommar mange ulike eigenskapar. Men det kan vere krevjande å vise fram fleire ulike delar av seg sjølv.

Oppgåve 1. Kven er eg?

Diskuter før de ser filmen:

  1. Kor mykje av kven vi eigentleg er, viser vi til andre?
  2. Kvifor prøver vi å skjule ulike delar av oss sjølv?
  3. Kva konsekvensar kan det ha å skjule ulike delar av oss sjølv, på godt og vondt?

Oppgåve 2. Kven er eg?

Svar på spørsmåla etter at de har sett filmen:

  1. Kvifor må vi sjå innover i oss sjølv for å finne ut kven vi er?
  2. Ifølgje Sondre Liverød er kjenslene våre signal som fortel oss noko viktig. Gi nokre konkrete døme på korleis kjenslene kan gi oss viktige signal.
  3. Kva meiner Sondre Liverød med at det indre livet vårt kan samanliknast med ein skuleklasse?
  4. Kvifor kan det vere skadeleg å undertrykkje og skjule ulike sider ved seg sjølv?
  5. Kvifor trur du det kan det vere sunt å ha ein mangfaldig identitet med mange ulike sider?

Oppgåve 3. Eit mangfald av identitetar

Jobb saman i grupper. I denne oppgåva skal de teikne eit identitetskart over ein person som rommar mange ulike eigenskapar og personlegdomstrekk.

  1. Finn på ein person på dykkar eigen alder. Bestem namn, kjønn, interesser og så vidare. Han eller ho skal ikkje likne på nokon i klassen eller ha nokon gjenkjennelege trekk frå andre de kjenner. Teikn denne personen i midten av arket.
  2. Teikn ulike sirklar rundt personen. Tenk at på same måten som det finst mange ulike typar og personlegdommar i ein skuleklasse, så består personen dykkar av mange ulike eigenskapar og personlegdommar. Fyll inn dei ulike personlegdomstrekka i sirklane rundt, til dømes det å vere omgjengeleg, temperamentsfull, innadvendt, ansvarsfull, humørsjuk, fantasifull, hjelpsam og så vidare.
  3. Gå deretter gjennom dei ulike personlegdommane éin for éin. I kva situasjonar, og saman med kven, kan han eller ho vise akkurat denne delen av personlegdommen sin? Grunngi svaret.
  4. Korleis trur de personen de har laga, kunne ha vist fram fleire ulike delar av personlegdommen sin? Kva for positive og negative konsekvensar kunne det fått?
  5. Reflekter til slutt over korleis de vil beskrive identiteten til personen de har skapt.
CC BY-SASkrive av Karl Henrik Aanesen.
Sist fagleg oppdatert 29.01.2021

Læringsressursar

Sjølvbilete og trygg identitet