Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Samanhengen mellom språk og identitet

Oppgåver om omgrepet identitet, og samanhengen mellom språk og identitet.

Oppgåve 1. Omgrepet identitet

  1. Diskuter med ein medelev: Kva for forhold er med på å forme identiteten vår?
  2. Psykologar er opptekne av åtferd og mentale (indre) prosessar hos menneska. Korleis definerer psykologane omgrepet identitet?
  3. Sosiologar forskar på forholdet mellom det enkelte mennesket og samfunnet. Kva legg sosiologane vekt på når dei snakkar om identitet?

Oppgåve 2. Språk og identitet

Sjå videoklippet og jobb deretter med spørsmåla.

  1. Språket er ein identitetsmarkør. Forklar med eigne ord kva dette vil seie.

  2. Kva kan språket vårt fortelje om oss, ifølgje språkforskar Margareth Sandvik?

  3. Ungdom nyttar ofte slang.

    • Kva er slang?

    • Kva er føremålet med å nytte slanguttrykk i staden for "normalspråk"?

    • Nemn fem døme på slanguttrykk og forklar kva dei tyder.

  4. Ein person med gode språkferdigheiter klarer å avpasse språkbruken etter situasjon og mottakar. Gi tre konkrete døme på situasjonar i yrkeslivet der fagpersonen må ta omsyn til kven han eller ho snakkar til.

Oppgåve 3

Diskuter i klassen.

  • Er det skilnad på jentespråk og gutespråk?

  • Kva går i tilfelle denne skilnaden ut på?

  • Kva påverkar måten vi snakkar på?

CC BY-SASkrive av Marion Federl og Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 16.05.2021

Læringsressursar

Sjølvbilete og trygg identitet