Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Lag eit nyheitsinnslag til TV-nyheitene

Det har skjedd ei trafikkulykke, og de skal dekkje denne hendinga.
Trafikkulukke. Det er fleire bilar som har krasja og som ligg på tvers i vegbana. Det er hjelpemannskap og brannbilar til stades. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppdrag

Finn ut kva som har skjedd, og lag ei vinkling på saka. Tida på ulykkestaden er berre 30–45 minutt, så det gjeld å bruke tida godt!

Til redigering av saka får de fire skuletimar. Hugs at nyheitssendinga startar nøyaktig ved deadline. Det har lita hensikt å levere reportasjen når nyheitssendinga er ferdig!

Krav til oppgåva

Alle krav til nyheitsformidling på TV gjeld for denne oppgåva. I tillegg blir det kravd:

  • Det skal vere skriftleg headline i starten av sendinga.
  • De må lage skriftleg forslag til intro som nyheitsankeret skal lese før saka blir send.
  • Alle personar som er med i saka, skal ha korrekt super.
  • Reportasjen skal innehalde intervju med minst to personar.
  • Alle innslag skal filmast (intervju, innklippsbilete, osb.).
  • Opptaka skal ha god lyd.
  • Lengda på den ferdigredigerte reportasjen skal vere 1 minutt og 30 sekund.

Hugs å følgje god presseskikk, og lykke til!

CC BY-NC-NDSkrive av Sigbjørn Vågenes og Mediana. Rettshavar: Senter for nye medier, Høgskolen i Bergen
Sist fagleg oppdatert 14.11.2018

Læringsressursar

Produser video – korte format