Eigenvurdering
Eigenvurdering for emnet kommunikasjon og kommunikasjonsmodellar
Kor godt forstår du betydninga av kommunikasjon og kommunikasjonsmodellar i mediefaget?
Kan du svare ja på alle punkta nedanfor, har du veldig god greie på kva kommunikasjon betyr i mediefag, og kan bruke kommunikasjonsmodellar i arbeidet med eigne medieproduksjonar.
- Eg veit kva kommunikasjon er, og eg kan skilje mellom ulike former for kommunikasjon.
- Eg kan ledda i prosessmodellen og veit kva dei betyr.
- Eg kan teikne opp og forklare den semiotiske trekanten til andre.
- Eg veit kvifor kunnskap om sjanger, form og innhald er viktig når eg vil formidle ein bodskap til ei bestemd målgruppe.
- Eg forstår at målgruppa for, kanalen og føremålet med ein bodskap set premissar for utforminga og gjennomslagskrafta til ein bodskap.
- Eg bruker kommunikasjonsmodellane aktivt når eg planlegg og produserer eigne medieuttrykk.
- Eg veit kva som skil betydninga av uttrykka personleg kommunikasjon, mediert personleg kommunikasjon og massekommunikasjon.
- Eg veit korleis eg kan bruke prosessmodellar og teiknlære i arbeid med eigne bodskapar.
- Eg kan kjenne att og forklare støy i kommunikasjon.
- Eg kan skilje mellom ikon, indeks og symbol.
- Eg kan identifisere og definere målgrupper med bruk av variablar (geografiske, demografiske og psykografiske variablar og livsstilsvariablar).
Kommunikasjon | Einvegskommunikasjon | Tovegskommunikasjon |
Målgruppe | Profesjonell mediekommunikasjon | Kontekst for kommunikasjon |
Personleg kommunikasjon | Mediert personleg kommunikasjon | Kommunikasjonsmodell |
Mottakar | Tilbakemelding | Bodskap |
Denotasjon | Konnotasjon | Teikn |
Symbol | Mediering | Kanal |
Sosial konvensjon | Ikon | Målgruppesegmentering |
Indeks | Avsendar | Tolking |
Sjanger | Støy | |